Ulstein kommunale ølutsal flytte før jul i 2008 til Amfi. Men økonomien var skral, og mange forstod at det ikkje kunne gå lenge før utsalet gjekk over i historia. Generalforsamlinga såg at lønnsemda gjekk feil veg, og monopolet var i praksis konkurs, og det måtte brukast pengar frå felleskassa i kommunen til å halde liv i utsalet. Derfor ville dei avvikle drifta. Den endelege avgjerda tok kommunestyret 16. april 2009. Med 19 mot seks røyster vedtok politikarane å gjennomføre ei styrt avvikling av ølutsalet, og rekna med at det heile var slutt før oktober. Då ville det bli opna for sal av øl i butikkane. Onsdag 30. september 2009 var den siste dagen for ølmonopolet i Ulsteinvik. Samtidig lasta daglegvarebutikkane inn øl i mengder, klare til å selje.
Søndag 14. desember 2008 råka tragedien regionen. Fire unge menneske miste livet i ein husbrann på Flusund i Herøy, ei ulykke som kom til å prege innbyggjarane sterkt. Mellom dei som døydde, var den 17 år gamle Kamilla Grimstad frå Hareid. Det vart arrangert minnestunder i fleire kyrkjer i regionen, og politietterforskinga vart lang og omfattande.
I januar 2009 presenterte entusiastar mellom innbyggjarane på Saunes – saman med kommunen og Sparebanken Møre, idéen om ein fritidspark for heile familien. Området mellom Sauneselva og nedre Saunes byggefelt var ikkje mykje å skryte av på dette tidspunktet. Elva vart flytta i samband med bygginga av det nye hotellet, men etter det hadde det ikkje blitt gjort noko med området. Men no låg det føre ein plan for heile området: minigolf, sandvolleyball og ein stor aktivitetsplass. Dermed var terningen kasta, og parken skulle bli ein realitet om litt tid.
I april 2009 lanserte selskapet Skjervøyplatten AS planane for bustadkomplekset Saunes Brygge. Med i investeringsselskapet var Elling Strand, Jon Moldskred, Rune Sulebakk og Michael F. Dahl. Dei ville satse trass i nedgangstider og uro i finansmarknaden. Saunes Brygge skulle få 11 leilegheiter. Investorane meinte bygget ville vere både skjerma og sentralt – i tillegg til vakker utsikt.
På Reiten gjekk rivinga av høgblokka til den tidlegare folkehøgskulen sin gang. Prosjektleiar Per Dimmen fortalde til lokalavisa at han rekna med at rivingsarbeidet ville ta fem-seks veker. Etter at alt vart unnagjort, skulle arbeidet med det nye kommunale bygget starte. Her skulle mange kommunale tenester inn, barnevernet, kompetansesenteret, eigedomsselskapet, helsestasjonen og musikk- og kulturskulen.
Den nye ungdomsskulen i Ulsteinvik vart teken i bruk i starten av mars 2009. Då skulle lærarar og elevar flytte inn i det nye, lekre bygget. – Vi gler oss veldig alle saman, uttalte rektor Randi Ertesvåg til lokalavisa. Den gamle ungdomsskulen var no 40 år gammal. Den nye skulen hadde mange vindauge, og sleppte inn lys. Dette var med på å gjere klasseromma opne, lette og trivelege.
Folketalet i Ulstein var framleis i vekst. I 2008 voks folketalet i kommunen med heile 106. Først og fremst var det ein jamn straum med tilflyttarar som gav auken. Veksten var god også i Hareid, med 76 nye innbyggarar. Ved inngangen til 2009 var folketalet i Ulstein 7052. I første kvartal i 2009 nærast eksploderte folketalet. Ulstein låg no på fjerdeplass i landet med omsyn til folkevekst med ein auke på 111 i perioden. Men heile 103 personar kom flyttande frå utlandet, mange av dei frå Aust-Europa. I månadene framover var det dessutan venta fødselsboom. I andre kvartal 2009 auka Ulstein folketalet med 65, og kommunen hadde 7228 innbyggarar.
Over 27 prosent av innbyggjarane i Ulstein var born under 18 år. Dette gav kommunen topplass på dette området i fylket, og mellom alle norske kommunar hamna Ulstein på 13.-plass på barnetoppen.