I løpet av 2007 kom det til nesten to fleire ulsteiningar kvar veke. Auken på 1,4 prosent er den største dette tiåret. Ved inngangen til 2008 budde det 6935 personar i kommunen, ein auke på 94, mot 66 året før. Vi må tilbake til år 2000 for å finne ein tilsvarande vekst. Frå 2000 hadde folketalet i Ulstein vakse med 411 personar eller 6,3 prosent. I juli 2008 passerte Ulstein 7000 innbyggjarar, og vesle Håkon Husøy Vik, som kom til verda 3. juli, vart utpeika til innbyggjar nummer 7000.

Rykta hadde svirra nokre dagar, og i slutten av januar kom det for ein dag at ordførar Hannelore Måseide kom til å melde seg ut av Arbeidarpartiet og inn i eit anna parti. Ho sikta seg inn på KrF, men det vart det ikkje noko av. I staden vart ho partilaus resten av perioden, og hamna til slutt i Venstre. Det var svært sjeldan at ein ordførar skifte parti, og partileiar Ottar Kaldhol beklaga overfor veljarane og forklarte det heile med at det hadde utvikla seg ein dragkamp mellom ordføraren og resten av Ap-gruppa. Det første og klaraste signalet om dette kom i saka om Robert Sjadjulin i desember. Dragkampen om Sjadjulin-familien enda i slutten av mai 2008. Då vart det klart at dei fekk busetje seg permanent i Ulstein.

Då Helsetilsynet gjennomførte tilsyn i åtte kommunar vinteren 2008, stod Ulstein fram som den beste av alle med omsyn til omsorgstenester, sjølv om kommunen ikkje brukte meir pengar på omsorg enn dei andre. Omsorgssjef Marit Botnen i Ulstein fortalde til Vikebladet Vestposten at Helsetilsynet var i Ulstein i to dagar og gjennomførte tilsyn med alle tenestene bortsett frå psykiatri og tenestene for psykisk utviklingshemma. I alt 10 personar vart intervjua, både leiarar og tilsette lengre nede i systemet. I rapporten hadde tilsynet merka seg eit stort engasjement frå dei tilsette for å utvikle og betre tenesta: – Eg er både glad og imponert over at vi kjem så godt ut i rapporten til Helsetilsynet. Omsorgstenesta har 24 timars døgnvakt. Det er krevjande, men vi har dyktige medarbeidarar, kommenterte Marit Botnen.

I mai 2008 fekk Alvehaugen omsorgssenter i Ulsteinvik tildelt omsorgsprisen i fylket. Prisen gjekk til kommunar eller tenesteeiningar for arbeid eller tiltak som har ført til betre omsorgstenester. Alvehaugen fekk prisen for arbeidet dei hadde lagt ned med å tilpasse tenester for alle.

Så var det finanskrisa som skylde over landa i 2008 og første del av 2009 – med etterdønningar endå lengre. Forvarsla kom alt i 2007. I februar 2008 hadde dei økonomiske vindkasta enno skåna våre kystar. I Ulsteinregionen var det framleis full sysselsetjing og mangel på arbeidskraft. Men kva med framtida? Ville det økonomiske uvêret råke også vår del av verda? På Davos-møtet i januar heva det seg pessimistiske røyster som meinte USA ville få ei hard landing med ein påfølgjande svekt verdsøkonomi. Heller ikkje Noreg ville sleppe unna. På vegner av den maritime næringa på Sunnmøre var professor Arild Hervig likevel optimist. Sjølv om han såg skyer over møbelindustrien, som selde varar til USA og Europa, meinte han at det som no gjekk for seg internasjonalt, passa Sunnmøre bra. – Litt avmatting er som bestilt i ein heit marknad, rentenedgang og litt svekt krone er godt for næringslivet her, som har ei sterk krone som ein stor trussel. Verktøyet Noregs Bank nytta, var rentenedgang, medan regjeringa ytte pengepakkar inn i økonomien. Då var det godt å ha ei velfylt, nasjonal oljekasse.

Då jula nærma seg i 2008, var både bankfolk og økonomar uroa for den bratte nedturen i norsk økonomi som følgje av finanskrisa. Midt i denne situasjonen kom fleire biskopar på bana med den gamle kampsaka til kyrkja frå 1990-talet: Kritikken av forbrukarsamfunnet. Det same gjorde KrF-leiar Dagfinn Høybråten som i slutten av november dette året fann tida inne til å ta eit oppgjer med førjuls-kjøpsfesten. Han meinte det var materialismen som hadde skapt finanskrisa. Mange av desse argumenta hadde for lengst slege rot i miljørørsla og med det i fleire politiske parti, til dømes SV. Men no tok finansminister Kristin Halvorsen (SV) til orde for at folk måtte julehandle så det verkeleg svei, for å redde norsk økonomi ut av krisa. Hjula måtte gå rundt om landet skulle kome vidare.

Vi må heilt tilbake til 1930-åra for å finne det teoretiske grunnlaget for Halvorsens kjøpsappell til det norske folket. Det heile dreier seg om korleis du kan stimulere til aktivitet i ei tid då alle piler peiker nedover. På 1930-talet valde fleire land å avgrense importen for å verne om sitt eige næringsliv. Det gjorde krisa verre. Men den britiske økonomen John M. Keynes ville nytte ein annan medisin for å motverke massearbeidsløyse og depresjon. Han ville at staten skulle stimulere til auka forbruk. Gjennom finanspolitikken kan staten bruke meir pengar – til vegar, skulebygg og liknande, og gi skattelette til bedrifter og privatpersonar. Det private forbruket er ein viktig motor i økonomien. Derfor kan tiltak som skattelette, momskutt og lågare rente stimulere pengebruken til hushaldningane. At privat etterspørsel også fører til import, betyr at vi er med på å auke produksjonen i landa vi importerer frå. Auka handel er bra for internasjonal økonomi. Slik var og er samanhengane i økonomien vår, og no – i 2008 – var dei sette på prøve. Tiltaka frå regjeringa losa landet bra gjennom krisa. Men det var klart at finanskrisa også utfordra marknadstenkinga. Her ropte næringsliv, bankfolk og økonomar på staten, medan dei elles bad staten halde fingrane frå fatet.

Då politikarane på Mørebenken vitja Ytre Søre Sunnmøre i starten av januar 2009, signaliserte verftsfolket at dei venta på fleire tiltak frå regjeringa. Kutt i arbeidsgivaravgifta, meir til forsking og utvikling, i tillegg må renta ytterlegare ned, var ønska. Men då pakken kom, var leiar i verkstadforeininga (MAFOSS), Terje Høybakk, ikkje særleg imponert. Han meinte det var ein tiltakspakke som var god for offentleg sektor, men ikkje for den konkurranseutsette industrien.
Dei økonomiske nedgangstidene på nasjonal- og verdsbasis såg førebels ikkje ut til å ha verka sterkt inn på næringslivet i Ulstein. Tidleg i januar 2009 kunne NAV i Ulsteinvik melde om rekordlåg arbeidsløyse; berre 0,8 prosent av arbeidsstyrken i Ulstein var heilt arbeidsledige. NAV-leiar Anne Karin Urke Osnes meinte ifølgje lokalavisa at dette hadde samanheng med at industrien framleis sat på store ordrereservar.

I starten av februar 2009 sette Noregs Bank ned styringsrenta med 0,5 prosent, og berre nokre dagar seinare presenterte regjeringa Stoltenberg den såkalla bankpakken sin, som skulle gjere norske bankar meir robuste og i stand til å låne ut pengar til næringsliv og private. Dette skjedde alt medan krisemeldingane frå norsk og internasjonal økonomi rulla over skjermane. No la Stoltenberg også siste hand på endringane i den omtalte krisepakken som hadde vore på ei høyringsrunde. Endringane som låg føre, skulle bidra til å hjelpe næringslivet ut av krisa.

Sjølv om aktiviteten framleis var bra på Ytre Søre Sunnmøre, dukka det opp signal om at ting var i endring. Ein konkurs her, permitteringar der. Nyleg kom meldinga om at Spenncon i Hjørungavåg måtte permittere og til dels seie opp folk. Og Herøy-reiarlaget Havila bestemte seg for å fryse bygginga av det store konstruksjonsfartøyet sitt til 1,5 milliardar kroner, som skulle byggjast ved Havyard Leirvik. Reiarar rundt om sleit med finansieringa, og mange avbestilte ordrane sine. I oktober 2009 hadde arbeidsløysa mellom innvandrarar auka ein del i Ulstein og Hareid, frå 40 til 60 personar. Men det varte ikkje veldig lenge.

Finanskrisa, som starta i 2008, var ei omfattande krise i dei finansielle systema i verda. Det var særleg bankar og andre finansføretak som vart råka, først i USA, så i resten av verda. Krisa varte i alle fall til mars 2009, då marknadene byrja å vise oppgang igjen, men fleire industriland sleit med etterverknadene i mange år framover, ikkje minst landa i Sør-Europa. Det var først hausten 2008 at krisa slo til for fullt. Ho hadde utspringet sitt i at prisen på mange gjeldspapir, særleg knytte til den amerikanske bustadmarknaden, hadde blitt for høg, altså ei typisk finansboble, der risikoen hadde blitt undervurdert. Hausten 2008 braut delar av den internasjonale finansmarknaden fullstendig saman, då mange av dei største forretningsbankane i verda kvidde seg for å låne pengar til kvarandre. Resultatet vart ein alvorleg lågkonjunktur i dei fleste industrialiserte landa. Konkursen til amerikanske investeringsbanken Lehman Brothers i september 2008 var den enkeltepisoden som framfor nokon førte til krisa. Oljemarknaden vart òg råka; prisen på Nordsjø-olje datt frå over 97 dollar fatet i 2008 til knapt 62 dollar i 2009 og 79,50 dollar i 2010.

Denne forfattaren vitja Island midt under finanskrisa. Då hadde islandske, internasjonale storbankar som Glitnir gått dukken; byggjekranene stod stille, folk demonstrerte og slo på steikepanner framfor Alltinget, og den islandske krona var halvert i verdi i høve til den norske. Stemninga var dyster. Men islandske styresmakter, godt hjelpt av fiskeriet, snudde krisa litt etter kvart. Styresmakter over heile verda stilte opp for å finansiere og hjelpe næringsliv og finansinstitusjonar, og i løpet av 2009 snudde altså marknaden til det positive. Men mange land sleit likevel med gjeldsbører i åra som følgde, ikkje minst eurolanda i sør.

Sjeføkonom Inge Furre i Sparebanken Møre spådde stabile tider i norsk økonomi innan 2011. Forholda for næringslivet på Ytre Søre Sunnmøre var avhengig av aktivitetsnivået i oljeverksemda. – Det er likevel inga finanskrise i Noreg, men vi har uro i marknaden, slo sjeføkonom Steinar Juel i Nordea Markets fast då han heldt foredrag for medlemene i MAFOSS i Ulsteinvik i slutten av mars 2009. Sjeføkonomen hadde sett på korleis krisa hadde råka ulike delar av verda, mellom andre USA, Europa og Asia. Han meinte styresmaktene i Noreg hadde reagert kjapt for å stanse den negative spiralen: – Det er ingen tvil om at vi hadde hatt eit fullstendig samanbrot dersom ingen ting hadde blitt gjort, sa Juel. Massive tiltak hadde blitt sette inn for å halde liv i finansnæringa. For verftsindustrien var det likevel ei oppgåve å skaffe pengar til byggjeprosjekta.

Det kjende konkurransesenteret IMD, knytt til handelshøgskulen i Sveits, testa i 2009 korleis nasjonane takla finanskrisa. Noreg hamna på ein fjerdeplass, bak Danmark, Singapore og Quatar. Sverige var nummer åtte, Finland nummer ni, medan USA hamna på 28. plass av dei 57 landa som IMD hadde testa. – Små økonomiar er ofte meir tilpassingsdyktige og betre i stand til å hente seg inn igjen i vanskelege tider, lydde konklusjonen frå konkurransesenteret.

Utover i oktober 2009 såg regjeringa stadig lysare på situasjonen for norsk økonomi. Bruken av oljemidlar var meir enn dobla på to år. Dette var eit stykke forbi den såkalla handlingsregelen (4 prosent) som Jens Stoltenberg lanserte i 2001. Men på Stortinget var det semje om innsatsen for å avgrense og kome igjennom finansvanskane. Berre Frp var imot. I 2009 hadde regjeringa fylt på med oljepengar for å bøte på krisa. No i oktober 2009 var landet i ferd med å friskne til, likevel heldt Stoltenberg fram med å smørje økonomien med olje; ein kraftig auke til vegar i 2010, samtidig som kommunane ville få meir pengar mellom hendene. På leiarplass spurde lokalavisa om der fanst nokon i regjeringskvartalet som hadde byrja å grue seg til den dagen oljefesten var over.

Likevel: I desember 2009 kunne lokalavisa fortelje om ein kraftig byggjenedgang i Ulstein og Hareid; her var det sett i gang 60 prosent færre bustader dette året enn gullåret 2007. Akkurat no kvilte det skuggar over den lokale bustadmarknaden. Folk var forsiktige og frykta at finansuroa ville vare ved. Dessutan var det få ledige tomter i sentrum av Ulsteinvik. Men i Sundgotmarka kunne private aktørar tilby tomter, heile 16 tomter til einmannsbustader, seks tomter til tomannsbustader og tre tomter til firemannsbustader.