I august 2006 gjekk den aller første Trebåtfestivalen av stabelen. 10 tilreisande treskuter hadde meldt seg på. – Etter at vi tok over trebåten Ullaholm for tre år sidan, har vi mellom anna nytta båten til å reise rundt og vore med på ulike festivalar og båttreff i distriktet. Dette har gitt oss lyst til å starte vår eigen festival med gamle trebåtar som tema, forklarte Karl Johan Barstad til lokalavisa. Saman med fem kameratar hadde han teke initiativ til det som skulle bli heitande Trebåtfestivalen. Målet deira var at det skulle bli eit årleg tiltak. Det vart det, og festivalen har blitt ein institusjon i bygda.

Då fotografane var samla til laugsmøte i Loen i oktober 2006, vart ulsteiningen Per Eide heidra med den høgste utmerkinga i Norges Fotografforbund, Gull med krans. Berre 12 fotografar hadde fått denne utmerkinga tidlegare. Gull med krans er berre mogleg å få etter fleire år med medaljar og høge plasseringar i landskonkurransar. Eide hadde innkassert fleire slike opp gjennom åra, ikkje minst i undervassfotografering.