I løpet av to månader på slutten av 2005 og starten på 2006 hadde Ulsteinvik fått to nye daglegvareforretningar, Lidl på Saunes og Meny i Amfisenteret på Brattøra. Frå månadsskiftet mars/april 2006 kasta Bunnpris seg inn i konkurransen. Butikken starta først i dei tidlegare lokala til Rimi midt i Ulsteinvik. Etter kvart flytta Bunnpris til Brattøra, der butikken held til i dag.

Det var i april 2001 at Bunnpris i Ulsteinvik opna i nyoppussa lokale der Rimi var tidlegare. Bunnpris var ein lågprisbutikk som høyrde til Norgesgruppen. Norvald Berge leia butikken, og han var med det tilbake på gamle tomter. Det var akkurat 16 år sidan Berge opna SM Kvantum i dei same lokala. Etter eit par år vart butikken lagt om til Rimi-kjeda, som la ned i 2005. Skjerpa konkurranse i daglegvarebransjen elles gav lengre opningstider i Ulsteinvik. Både Rema 1000 og Bunnpris heldt frå april 2006 ope til klokka 23 på kvardagar.

Denne våren opna Cubus, ein tradisjonell handelsmagnet i Ulstein, i nye lokale i Amfi-senteret på Brattøra. Den nye butikken var ein god del større enn den gamle og fekk eit areal på nærare 900 kvadratmeter. Drivarar var Ann-Lisbeth og Peter Flem. På same tid flytta leikebutikken Ringo inn i Blåhuset og disponerte ein større butikk. Dagleg leiar for Eiken Libris og Ringo var Gry Eiken Eksund.