Det hadde vore mange endringar i Posten også i Ulstein. I juli 2006 fekk Eiksund endeleg sitt eige postnummer igjen, 6068 Eiksund. – Det handlar om identitet, understreka Jostein Velsvik i Eiksund bygdelag til lokalavisa. Han hadde saman med Bodil Havåg hatt oppdraget med å forhandle med Posten for at bygda skulle få tilbake eit eige postnummer. Det klarte dei, og ordninga tok til å gjelde frå 1. oktober 2006.

Arbeidet med Eiksundsambandet gjekk for fullt, og i august 2006 nådde arbeidet det lågaste punktet på vel 287 meter under vassflata. Samtidig var det gjennomslag for Helgehorntunnelen på Ørsta-sida. Han var 1165 meter lang.

I slutten av november 2006 kunne Eiksund-folket feire gangvegen mellom Selvåg og Havåg. Då hadde bygdefolket kjempa for gangveg i 20 år. Både kommunen og Statens vegvesen var samde om at gangvegen måtte kome før Eiksundsambandet vart opna. Aksjonsgruppa for gangveg vart skipa i 2003 fordi det synte seg at vegen ikkje var tema i samband med Eiksundsambandet.

Torsdag 1. januar 2007 fyrte pådrivar og styreleiar Knut Nærø av den siste salven i Eiksundsambandet. Ladningen på 500 kilo sprengstoff sprengde bort dei fire meterane som stod att for å lage gjennomslag i tunnelen. Då møttest tunnelløpa 245 meter under fjøresteinane på sørsida av Yksnøya. Eiksundtunnelen var sjølve kjernen i sambandet, så gjennomslaget var ein merkedag for prosjektet. Dei første som tok seg gjennom tunnelen, var ein buss med gjester frå Grønland, politikarar som var på studiereise langs norskekysten. Då hadde vi kome til 10. februar 2007, og det var enno eit år til sambandet opna.