Kirsti Pedersen Haugen, innflyttar frå Sandefjord, gav mykje til musikklivet i Ulstein frå kring 1980 til 2003. Dette året fekk ho kulturprisen i kommunen for 2002: – Gjennom KFUK/KFUM har eg funne plassen min her i Ulstein. Eg har følt at eg har kunna bidra og funne nytte av dei mange musikalske ressursane i kyrkjelyden, fortalde ho i intervju med lokalavisa. Kirsti hadde mellom anna teke initiativ til den populære julenattinéen i kyrkja rett før jul, og engasjert seg mykje i ungdomsarbeid. Men i slutten av mai 2003 flytte familien Pedersen Haugen til Sørlandet igjen. Dei fekk mange lovord for det dei hadde bidrege med i lokalsamfunnet.

Mange ungdommar brukte den restaurerte gjødselskjellaren i løa til Magne Osnes i Ulsteinvik til å mekke gokartar og mopedar vinteren 2003. Med stor dugnadsinnsats hadde rommet blitt gjort om til eit triveleg verkstadslokale. Det var Adventura, ungdomsarbeidet til Blå Kors og Indremisjonen i Ulsteinvik, som hadde gått saman om tiltaket. Klubben hadde fire gokartar som dei heldt i stand. Medlemene fekk i tillegg ha med sine eigne køyretøy til mekking og vedlikehald.

Men den kommunale motorklubben med Johan Warholm som leiar og med lokale i Brattøra, miste tilhaldsstaden sin der frå august 2003. Då skulle utbygginga av området ta til for alvor. Klubben hadde levd i uvisse i mange år. Sjølv hadde Warholm vore leiar i 11 år, og hadde kjent på uvissa for framtida nesten heile tida.

Endeleg skulle motorklubben få nye lokale. Planen var å leige ved Storhølen i Saunesmarka. I mars 2004 viste det seg at politikarane hadde somla så lenge at utleigaren hadde fått betre avtale med andre leigetakarar. Med det stod klubben på berr bakke igjen. Men i juli 2004 skaut aktiviteten fart. Då fekk motorklubben seg nye lokale i Saunesmarka. Klubben hadde fått nytt styre med Ole Petter Vik, Aleksander Eidem, Eldar Vik og Andre Kleppe. Pengestøtta frå kommunen var litt redusert, men dei skulle få 105.000 kroner i året til å betale leige. I januar 2005 inviterte Ulstein Motorklubb til open dag i dei nye lokala. Dei hadde då nettopp flytta inn i ein stor hall i bygget til Infra Handel i Saunesmarka. Styreleiar var Andre Kleppe, og årskontingenten var 500 kroner året for dei over 18 år og 250 for dei under. Pengane skulle brukast til meir utstyr. Men alt no disponerte dei sveiseapparat, elektrisk verktøy, kompressor, dekkomleggingsmaskin og ein lyftebukk.

Samtidig arbeidde ei gruppe ungdommar hardt for å gjere Vikingen-lokalet i Ulsteinvik om til ungdomsklubb. Dei hadde faste dugnadskveldar for å gjere lokala klare. Aktivitetsleiar var Tom Henrik Muggerud (Nevstad).

I februar 2005 vart Frivilligsentralen i Ulsteinvik fast møteplass for det lokale husflidslaget. Det nye styret sette i gang ein strikkeoffensiv og håpte på å få med seg både nybegynnarar og meir erfarne strikkarar. Laget skulle ha samling på Frivilligsentralen annankvar onsdag. På det eine av dei to månadsmøta ville det stå eit spesielt tema på programmet. Anita Nes Ertesvåg var ny leiar av laget. Ho avløyste Turid Bakken som hadde vore leiar i fem år. Ikkje lenge etter vart det kjent at Kultur- og kyrkjedepartementet hadde gitt Frivilligsentralen støtte til å tilsette dagleg leiar i full stilling.