Eitt av dei siste signala ordførar Jan Berset (H) sende ut før valet i september 2003, handla om fortetting og miljø i Ulsteinvik. Han ville ha fleire etasjar på sentrumsbygga, bustader på toppen av forretnings- og kontorbygg, fortetting og utbygging av store opne plassar og forsiktig utbygging på nedsida av Sjøgata; miljø på premissane til gåande og handlande.
Det var framtidsretta tenking. Men kommunevalet vart eit skot for baugen på den sitjande ordføraren i Ulstein. Då valresultatet og forhandlingane låg føre, fekk Ulstein den første kvinnelege ordføraren sin, Hannelore Måseide (Ap). Olav Sæter frå KrF vart varaordførar:
– Å samarbeide med Ap er eit medvite politisk val, slo Sæter fast overfor lokalavisa. Jan Berset hadde sete som ordførar i åtte år, var skuffa over at partiet hans hadde blitt plassert på sidelinja i forhandlingane.
Arbeidarpartiet fekk 672 røyster og 6 mandat, eitt fram frå førre val. Høgre oppnådde 669 (5), KrF 500 (4), Frp 492 (4), Venstre 194 (2), SV 188 (2) og Sp 181 (2). Sju kvinner fekk plass i det nye kommunestyret. Det nye formannskapet vart samansett slik: Ordførar Hannelore Måseide (Ap), varaordførar Olav Sæter (KrF), Johan Botnen (SV), Kjell Rud (Ap), Nils Einar Garnes (Frp), Aase Ulla (V) og Heidi Strand (H).