Vi skal bla oss tre år bakover i tid. Den 20. juni 2002 kan Vikebladet Vestposten endeleg opplyse lesarane om at kommunestyret har vedteke ny reguleringsplan for området Krushammaren-Halseneset. Planen omfattar både ny fylkesveg og utviding av folkehøgskulen på Reiten. SUFH har alt ei god stund hatt planar om å utvide, men kan ikkje starte før arbeidet med den nye fylkesvegen er i gang. Rektor Trond Berg håpar vegarbeidet kjem i gang så snart råd er før sommaren. Dreg det ut, vil også SUFH-prosjektet blir tilsvarande utsett. Eit par dagar før hadde styret i SUFH-bygg ved Sunnmøre Folkehøgskule sagt ja til detaljplanane for utbygging. No håpa rektor Berg å få starte utvidinga på Reiten i januar 2003.

Fire månader seinare skriv lokalavisa at den nye vegtraséen frå Ulsteinvik til Halsesvingen teiknar til å bli fem millionar kroner dyrare enn planlagt. Kostnadssprekken set utbyggingsplanane til folkehøgskulen i fare. Prislappen på vegstubben har no kome opp i 15 millionar kroner, men fylket vil ikkje løyve meir enn fem. Ulstein må klare resten sjølv. Rektor Berg, som trippar etter å stikke spaden i jorda, ber kommunen om ei rask avklaring. Ordførar Jan Berset (H) lovar at kommunestyret skal sjå på saka i møtet sitt 21. november. For SUFH rullar tida raskt. Men samtidig har det skjedd noko i kulissane. Rektor Trond Berg tek ein dag kontakt med redaktøren i Vikebladet Vestposten for å lufte om idéen hans bør omtalast i avisa. Ikkje så lenge etter blir det klart at avisa har ei toppsak.

– Alt så tidleg som i 2001 gjorde eg meg tankar om å satse på noko heilt anna enn anlegget på Reiten. Då stod utbyggingssaka i stampe, og vi såg etter alternativ, forklarte Berg i samtale med denne forfattaren. Då hadde utbygginga av folkehøgskulen vore gjennom dei styrande organa, og dei hadde fått tilsegn om eit betydeleg statleg tilskot. Året etter byrja Berg å få knapt med tid. SUFH låg først i køen hos departementet og hadde fått skriftleg lovnad om støtte: – Det var for stor risiko for oss å vente på vegen. Gode råd var dyre, smiler Berg.