Kleven hadde kome på lokale hender. I januar 2000 vart det klart at investorgruppa, Kleven-familien, Harvest Elektro og Hareid Elektriske også kjøpte tilbake Kværner Florø: – Strategien vår har heilt sidan i fjor vår vore å kjøpe tilbake både verftet i Ulstein og det i Florø. Men lokalpatriotismen gjorde at vi satsa på Ulstein-bedrifta først, kommenterte John M. Kleven til lokalavisa.

I slutten av januar 2000 kunne Kleven flagge at det endeleg vart eit nybygg på beddingen igjen. Då vart den første seksjonen til eit færøysk kystvaktskip heist på plass. No som mange trudde at skroga kom til å bli bygde i Romania, Spania og Polen, skulle skroget til denne båten byggjast i Ulstein. Dagleg leiar Jarle Gjerde ved Kleven meinte det skulle vere mogleg i byggje skrog også i Noreg. Jarle Gjerde gav i slutten av mars 2000 uttrykk for at han ikkje var i tvil om at skipsbygginga i Ulstein-regionen var liv laga: – Kvaliteten på arbeidet, det rike miljøet av brukarar, utstyrsleverandørar og verft tilseier at denne næringa vil halde fram, slo han fast. No var verftet hans i sving med fire prosjekt samstundes. Men han la ikkje skjul på at det hadde vore tøffe tider både for Kleven og andre verft: – Vi har kjempa, og vi har ikkje kunna vore kresne. Men no ser vi teikn som tyder på at utviklinga er iferd med å snu i positiv retning, meinte Gjerde.

I mai 2000 kunne Kleven fortelje at OVDS (Ofotens og Vesterålens Dampskibsselskap) hadde valt Kleven Verft for den nye hurtigruta si, og verftsdirektøren kjende seg sikker på at verftet denne gongen skulle tene pengar på skipet. Kontrakten vart endeleg underskriven rundt 20. mai og var på 750 millionar kroner kroner. I tillegg fekk verftet opsjon på to skip til med ein prislapp på 2,5 milliardar.

I slutten av august 2000 gjekk den nye fiskebåten til eit islandsk reiarlag frå kai ved Kleven. Det var den største fiskebåten som nokon gong var bygd for islandske reiarar. Dåpen skulle skje i Akureyri nokre dagar seinare. Kontrakten hadde vore på 185 millionar kroner for den 79 meter lange båten.

I det dei første hurtigruteseksjonane var på plass på verftet, teikna Kleven endå ein ny kontrakt. Sommaren 2002 skulle verftet levere ein såkala ROV-båt. Rovde Shipping var partseigar i reiarlaget som no var under skiping. Dermed hadde Kleven på dette tidspunktet ein ordrereserve på 1,1 milliardar kroner.

I slutten av februar 2001 vart det klart at Kleven Verft AS i Ulstein, Rovde, Kleven Florø og Førde og Myklebust i Gursken ville bli organisert som eit konsern under paraplyen Kleven Holding AS som morselskap og med Steinar Sivertsen Kulen som konsernsjef. Han kom frå stillinga som konserndirektør i Rolls-Royce Marine AS: – Det var vanskeleg å takke nei til dette, kommenterte Kulen. Ikkje lenge etter skifte Kleven-konsernet namn til Kleven Maritime og fekk ny logo.

Hovudtillitsvald Hans Sundal ved Ulstein Verft vart i slutten av mars 2000 vald til leiar i det nye LO-Søre Sunnmøre med meir enn 5300 medlemer og hovudkontor i Ulsteinvik. På møtet vart det samrøystes vedteke å slå saman heile området for å få ei meir slagkraftig eining: – Vi får ein sterkare organisasjon og med det meir tyngde bak fråsegner og liknande. Vi får eit utvida arbeidsfelt med ein tilsett leiar som skal vere disponibel ein dag i veka. Dette vil føre til at vi kan gi medlemene eit betre tilbod, kommenterte Hans Sundal til lokalavisa.

Hausten 2000 kom det stadige argument for å opne for utanlandske gjestearbeidarar i Noreg. Spørsmålet kom mellom anna opp då ein gjeng stortingspolitikarar var på vitjing i Ulstein: – Mangel på arbeidskraft er eit nasjonalt problem. Men kanskje ekstra stort i vårt distrikt, som har behov for mange tilsette i typiske manuelle yrke i skipsindustrien, forklarte ordførar Jan Berset. Etter at regionen hadde slite med å rekruttere ungdom til skipsindustrien i mange år, trudde ordføraren tida hadde kome til at dei måtte sjå i auga at dei måtte løyse problemet på annan måte. Slik vart det litt etter litt. Nokre år seinare var arbeidsinnvandringa til regionen massiv. For i denne sykliske industrien var det i 2001 igjen akutt mangel på arbeidskraft, 77 stillingar stod ledige i fleire bedrifter. I verftsindustrien mangla dei 30 fagarbeidarar, og behovet kunne bli mangedobla i tida framover. Dette stilte nyetablerte Aetat framfor nye krav.

Men ved Hasund Mek. sa dei opp dei tilsette. Verkstaden skulle ikkje i første omgang leggast ned, men dei stod overfor forandringar: – Vi har sett at for oss er ikkje mekanisk industri lenger lønnsam butikk, slo dagleg leiar Knut H. Kalvatn fast. No var det tre alternativ, nedlegging, omlegging eller nye eigarar. 23 tilsette miste jobben.