Sentralisering av folk og tenester var ikkje noko nytt fenomen i Noreg, heller ikkje i Ulstein. Heilt sidan 1970-talet hadde Ulstein styrkt seg på kostnad av nabokommunane, delvis som ei statleg- og fylkeskommunal linje, delvis som følgje av tyngdekrafta og kapitaltilgangen i næringslivet. Denne tendensen forsterka seg i dei første 2000-åra då Ulsteinvik vart kraftig utbygd som handelssenter først og fremst som følgje av at mykje av pengane frå salet av Ulsteinkonsernet vart brukte lokalt. Til jul 2001 hadde Ulsteinvik også fått vinmonopol. Samtidig auka talet på skjenkeløyve i kommunane.
I starten på juli 2000 kunne innbyggjarane lese at postkontoret på Hareid ville bli lagt ned i 2001, medan Ulstein Postkontor skulle justerast opp til Posthandel. På Hareid får innbyggjarane i staden post i butikk.
Den neste omdreiinga på sentraliseringsskruen var skattekontora. Vikebladet Vestposten skriv i slutten av januar 2001: Omorganiseringa av skattekontora kan føre til at Ulsteinvik får eit likningskontor med 20 tilsette, medan Hareid sit att med eit stativ for brosjyre og skjema. Politikarane i Hareid protesterte igjen, men det førte ikkje fram. Onsdag 4. september 2002 opna Ytre Sunnmøre Likningskontor i Ulsteinvik. Samtidig stengde dei tre kontora i Hareid, Herøy og Sande. Det nye regionlikningskontoret heldt til i Blåhuset.
Så vedtok styret i Helse Sunnmøre i desember 2002 å slå saman ambulansane i Hareid og Ulstein. Tenesta skulle halde til i ein ny sentral i Saunesmarka, men det var Hareid Ambulanse med Anders Riise og Sigbjørn Haddal som eigarar, som skulle stå for drifta. Frå 1. oktober 2002 vart det dessutan døgnkontinuerleg legevakt ved sjukehuset i Volda. I ti år hadde legevaktsentralen for Hareid og Ulstein vore passa av hjelpe- og sjukepleiarar ved Hareid sjukeheim. No var vakta flytta til Volda.
I september 2004 var det klart at også trygdekontora i Ulstein og Hareid skulle slå seg saman under ein felles trygdesjef, Alf-Kåre Rønnestad. Dei to trygdekontora skulle i utgangspunktet vere likeverdige einingar, og trygdesjefen skulle bruke halvparten av arbeidstida si ved kvart av kontora. Men dette var ei ordning som kom til å endre seg i løpet av kort tid, då NAV vart oppretta.
Eit nytt sentraliseringstiltak råka Hareid i 2004/2005. Leigeavtalen med ANS Sentrumsbygg (Nordea) gjekk ut ved årsskiftet 2004/5. Alt i august 2004 stadfesta lensmann Odd Kulø at kontoret var i forhandlingar med ein tilbydar i Ulstein. Ordførar Gunn Berit Gjerde var raskt på banen og lova skreddarsydde lokale i Hareid. Ikkje mange vekene seinare kom meldinga om at lensmannskontoret ville etablere seg i dei nye bygga som Borgstein hadde under oppføring på Brattøra i Ulsteinvik: – Det er mi oppfatning at rette plassen for lensmannskontoret er Ulsteinvik, kommenterte Kulø til lokalavisa. I starten av april 2005 var lensmannen på plass i Brattøra i Ulsteinvik.
Ein underskriftsaksjon samla 1600 underskrifter i Hareid mot flyttinga, til inga nytte.
Fiskeridirektoratet gjekk i 2002 inn for ei storstilt slanking av etaten på landsbasis. Heile 36 fiskerikontor skulle leggast ned, mellom dei kontoret på Hareid rådhus. Dermed vart Ålesund og Fosnavåg dei einaste stadene med fiskerikontor på Sunnmøre.
Det var dessutan, som vi har vore innom, stadige debattar om kommunesamanslåing utover på 2000-talet. Kommunalminister Erna Solberg meinte mange kommunar ville vere for små til å gi innbyggarane eit godt tenestetilbod. Men kommunane på Søre Sunnmøre beit ikkje på argumentasjonen. Januar 2006 innleia med at den nye regjeringa (Stoltenberg) sende ut eit signal til kommunane: Det blir slutt på å truge med tvangssamanslåing. Kommunalminister Åslaug Haga gjekk langt i å frede kommunestrukturen og avlive Erna Solbergs draum om 100 færre kommunar.