To dagar seinare er rektoren og ordføraren avbilda i smilande samtale ved grinda til Sunnmøre Folkehøgskule på framsida av Vikebladet Vestposten: «Vi bør strekkje oss langt», er tittelen.

Her kan lesarane konstatere at Berset vil arbeide for at Trond Berg og elevane hans skal kunne ta i bruk hotellbygget i Varleite som skule. Han meiner eit hotell i kombinasjon med kulturhus i sentrum vil styrke posisjonen til Ulsteinvik som regionsenter:

– Vi kan få Noregs flottaste folkehøgskule og eit nytt hotell med kulturhus i sentrum.

Idéen er glimrande, smilte Berset og la til med profetisk presisjon:

– Det er store ting som er i ferd med å skje i ein liten kommune med dårleg økonomi. Eg er veldig entusiastisk. Vi kan no få ein unik sjanse til å utvikle sentrum. Får vi investorane på banen, kan dette bli sentrumsutvikling på høgt nivå.