Så kom boda få land og hav – til mødrer og fedrar. Folk kom springande med gledesrop over meldingar dei nett hadde fått over telegraf eller telefon: «Han Harald lever! Han Henry! Han Odd! Han Reinert!» slik skildrar Ragnar Ulstein det. Rop etter rop. Men det var stilt om andre; dei som aldri kom heim.

På tidleg ettermiddag tysdag 8. mai gjekk der ut eit bod via telegram frå biskop Berggrav. Dermed tok kyrkjeklokkene til å kime igjen frå klokka 15 til 16. Eit par timar seinare samlast born og vaksne til fredstog frå Haldeplassen i Ulsteinvik. Ulike lag og organisasjonar marsjerte under faner og flagg. Musikklaget Ulf sytte som vanleg for taktfast musikk. Eit stort tog marsjerte frå Haldeplassen via Reiten, Vikevegskiltet, Saunesbrua og så nyevegen attende til Haldeplassen igjen. Ikkje lenge etter kom folket frå Hasund krins og grendene innanfor med Hasund og Dimnøy hornmusikklag i spissen – og flagga vaiande, eit langt tog som også enda ferda si på Haldeplassen.

Klokka 20 samla folket seg til gudsteneste i Ulstein kyrkje. Det vart ei takke- og minnehøgtid. Musikklaget Ulf spelte Griegs Hyldningsmarsj, Ulstein mannskor song, og Gud signe vårt dyre fedreland ljoma frå den store kyrkjelyden. Sokneprest Sverre Nilsen mintest dei frå Ulstein og Hareid som ein visste var falne eller døde som følgje av krigen. Ni mann i Ulstein hadde mist livet heime og ute. Ser vi stort på det, var Ulstein ei heldig bygd som ikkje hadde mist fleire. Deretter tala presten, som hadde vore så fast i fisken under nazistyret, over Salme 50,15: «Kall på meg på nådens dag så skal eg frie deg ut, og du skal prise meg.» Så song Ulstein brødrekor og Ulstein blandakor, før Musikklaget Ulf spelte til utgang. Då folket steig ut av kyrkja fram mot 22-tida, vart dei møtte av tende gatelykter gjennom heile bygda. Det gjekk mot lysare tider – etter år med kveldar bak blendingsgardinene.