Det gjekk ei tid før dei heime fekk vite korleis det hadde gått med dei 77 frå Ulstein som hadde vore i krigen. Var nokon falne, eller var dei berre forseinka? Utruleg nok, alle frå Ulstein levde. Ingen var såra. Av 3000 møringar i felttoget, var det berre 18 falne.
Vel heime såg Ulstein-soldatane at bygda var like heil. Som norske bygder flest var ikkje Ulstein noko militært eller politisk mål for tyskarane. Men det hadde likevel vore eit par flyepisodar. Torsdag 25. april hadde fly sleppt bomber mot dei store fiskedampbåtane Skjervøy og Bell, som hadde gøymt seg inne ved Kleiva i Dimna. Fire-fem bomber fall i sjøen, men dei råka ikkje. Søndag 28. april kom eit nytt åtak, like lite presist. Ei av bombene fall 20-30 meter frå eit hus på Kleiva, fem-seks andre fall i sjøen. Lufttrykket slo inn nokre glasruter. I Hasund var det så sterkt at bord og stolar velta, og alt som hang på veggene, datt i golvet. Born og vaksne søkte dekning i kjellarar. Kort etter var flyet eller flya borte.