To av dei første frå Ulstein som kom i aktiv marineteneste, var Harald Notanes og Ottar Garshol. Dei vart sende til den norske motorlaunch-flotiljen i Kanalen. Dette var små fartøy på 75 tonn med maksimalfart på 17 knop og eit mannskap på 17.
Notanes kom seinare i skotveksling på Garnes i Ulstein då norske motortorpedobåtar skulle gjennom Dragsundet for å angripe tyske båtar i Syvdsfjorden.
Tyske soldatar kom overraskande på Notanes og kollegaene medan dei arbeidde med å dra bort skyvebrua og opne sundet mellom Hareidlandet og Gurskøya: – Medan eg stod i rommet med dragmekanismen, vart eg varsla om at der kom nokon. Brått såg vi stålhjelmen i måneskinet.
Vi tømde magasina og drog oss attende til båtane, fortalde Notanes seinare til Vikebladet. Ein tysk soldat miste livet, ein annan vart såra. Det vart sendt opp rakettar frå vaktstova. Kommandosoldatane drog seg attende, og dei norske båtane sette kursen tilbake over Nordsjøen så raskt råd var.