Då tyskarane stasjonerte den første avdelinga si i Dragsund, tok dei huset til bruvaktar Nykrem på Dragsundsida. Men etter at dei norske MTB-båtane hadde tenkt seg gjennom her, forsterka tyskarane vakthaldet ein god del. No måtte fleire av dei som budde på Garnes-sida, flytte frå husa sine.
– Det var ikkje greitt for ei 12 år gammal jente å flytte heimanfrå i den situasjonen. I ettertid kjennest det som eg miste litt av røtene mine, fortalde Irene Garnes Ulstein til Vikebladet i 1995. Den tida budde ho og familien ved Dragsundbrua. Ho hugsa at mor hennar vekte henne den natta det var skyting på Garnes. Far hennar arbeidde i Trondheim då, og systera var borte på jobb. Så det var berre Irene og mora som var heime. Straks kamphandlingane var over, kom det forsterkningar. Båtar med soldatar ankra opp rett utanfor stova til Irene.
– Tyskarane trong hus med ein gong, og vi fekk ordre om å flytte heimanfrå. Vi fekk den dagen meldinga kom, og dagen etter til å ta med oss sakene våre, fortalde Irene. Ho mintest at to onklar kom og hjelpe dei med å køyre bort dei tunge tinga dei ville ha med seg. Til slutt fekk dei med seg det meste og flytte ut i Botnen til systera til mor hennar, Kanutte, og mannen Jakob Osdal.
– Kanutte og Jakob hadde ein stor barneflokk i eit heller lite hus. Vi fekk eit kammers som vi brukte til kjøkken, og eit rom på loftet til å sove i. Irene og mora fekk lov til å kome til Garnes og sjå etter huset sitt. Dei kunne berre vere vitne til at heimen deira var i forfall meir og meir. Ting vart ikkje stelte, og tyskarane gjorde alt på enklaste måte. Når dei skulle vaske golva på loftet, slo dei ei vassbøtte utover. Men det var for mykje arbeid å turke opp. Løysinga var å bore hol i golvet, slik at vatnet rann ned i romma under. Der valde dei same løysinga, slik at alt gjekk vidare ned i kjellaren.
– Kvar gong vi kom til Garnes, var mor glad for at huset ikkje hadde brunne ned. Det var ikkje alltid det gjekk stilt for seg, og damebesøk kunne der òg vere når vi kom dit. Då krigen var slutt, budde heimefrontmedlemer i huset ei tid. Etterpå vart det fleire månader med reparasjonar og reingjering før vi kunne flytte inn att, fortalde Irene Garnes Ulstein.