I juni 1940 rekvirerte ein tysk vaktstyrke forsamlingshuset Vonheim på Flø, og dei innkvarterte kring 10-12 soldatar der. Tyskarane sette så opp ei vaktstove på ei høgd ovanfor Vonheim. Her var det alltid to soldatar på vakt, døgnet rundt. Oppgåva deira var å halde oppsyn med skipstrafikken forbi Flø.

Tyskarane tok også over båtar. Sjøvegen var viktig for frakt av forsyningar og utstyr, anten det var til krigsføremål eller sivilt. Tyskarane rekvirerte derfor dei største og mest moderne fiskebåtane i distriktet. Fleire vart bygde om til såkalla «vorpost-båtar» – som skulle ha vaktteneste langs norskekysten. Frå Ulstein vart Bell, Skjervøy og Hadarøy tekne til slik teneste, medan Janny og Von vart chartra til fraktfart.