I 1941 bestemte tyskarane at folk skulle levere inn radioapparata sine. Okkupantane ville hindre at innbyggjarane fekk propagandasendingane frå London rett inn i stova. Det var berre folk som var medlemer av NS som fekk ha radio. Dersom politiet fann ein radio heime hos nokon, medførte det streng straff. Det var relativt mange som gøymde unna radio i Ulstein, og folk stakk vekk apparata på dei mest utkropne stader. Sjølv om tyskarane ofte leitte etter ulovlege radioar, fann dei berre ein i Ulstein under heile krigen.

Aldri har vel nyhenda spreidd seg så raskt som under radioforbodet. Dei som lytta i løynd, spreidde den allierte bodskapen, appellar frå regjeringa, talane til kongen og mykje anna nyhendestoff frå den frie verda. Ofte var det faste grupper som møttest for å lytte på den same radioen, og dei møtte gjerne opp til same tid kvar gong det var sendingar frå London. Så kunne folk møtast og spreie nyhenda vidare. Ved prestegardsgjerdet rett imot hjørnet på Fredheim – hadde det i lange tider vore ein samlingsplass for folk som ville prate og frette nytt.

Etter at tyskarane hadde teke radioane, i august 1941, var det blitt endå meir folksamt der. Her kunne du vere sikker på å få siste nytt, anten det kom frå London, frå byen eller bygda. Prestegardsgjerdet var som ein sentral. Herifrå gjekk rykta ut om det som skjedde. Det var minst eit par slike nyheitssentralar eller ryktebørsar til i Ulsteinvik; ein i Bøesvingen og ein ved apoteket. På alle desse tre stadene var det som regel nytt å høyre.