Det militære motstandsarbeidet på Sunnmøre starta seinare og fekk eit mindre omfang enn mange andre stader i landet. Bakgrunnen for dette kan vere den store Englandsfarten som tappa distriktet her for mange av dei mest kampvillige ungdommane. Sunnmøre låg lagleg til for å registrere den tyske skipstrafikken forbi Stad. Det vart ein viktig del av motstandsarbeidet å sende sjømilitære etterretningar til England og hjelpe sabotasjegrupper som vart sende inn av engelske styresmakter.

Den militære oppbygginga på Sunnmøre kom først i gang våren 1944. Ulstein var ein av dei stadene der det vart bygt opp ein etter måten stor motstandsstyrke. Avdelinga hadde forgreiningar til Brandal og Larsnes der ei etterretningsgruppe arbeidde.

Områdesjef for heimestyrkane i Ulstein var Olav Osnes. Han arbeidde til liks med mange andre motstandsfolk i politiet og kom tidleg med i det illegale arbeidet. Mellom anna var han medlem av Kvalen-gruppa som organiserte Englandsfarten.

– Ei av dei første oppgåvene eg utførte etter at eg fekk høve til å bu på heimegarden, var å skaffe opplysningar om militære installasjonar og forflyttingar. Når noko hende, var det å gi melding vidare. På Larsnes var distriktslækjar Solli til god hjelp. Han stod i kontakt med skyssbåtførar Haugen som tyskarane også nytta. Frå dei fekk eg skisser over festningsanlegga på Åram og øyane utanfor, som eg sende vidare. Vi overvaka også bemanninga på fyrstasjonane Storholmen, Svinøya og Runde, fortalde Osnes til Vikebladet i 1995.

Ei viktig oppgåve var å skaffe detaljar om det store festningsanlegget på Kvitneset og sende dei over til England. Lastebileigarane Peder (Per) Moldskred og Elias Skeide var ofte innom anlegget i samband med oppdrag dei hadde for tyskarane. Dermed kunne dei gi viktige opplysningar.

Oppbygginga av motstandsarbeidet var knytt til SOE (Kompani Linge). Først vart troppsjefane og nestkommanderande plukka ut og kontakta. Etter samråd med troppsjefen vart så halve troppen utplukka, den andre halvdelen i samråd med nestkommanderande. Avdelinga fekk to troppar med tre lag i kvar. Eitt av desse høyrde heime i Brandal. I tillegg oppretta dei sambandslag, transportgruppe, etterretningsgruppe og kurerar. Erling Grønmyr og Andreas Ulstein var troppsjefar. Nestsjefar var Bjarne Bjørndal og Peter Saunes.

Lokalt gjennomførte heimestyrken instruksjon i våpenbruk for halve lag om gongen på kraftstasjonen i Ulsteindalen og i badet på Ulsteinvik folkeskule. I mars 1945 fekk dei lovnad på ein instruktør. Litt etter kom fenrik Ivar Ness, med dekknamnet Krag, til Ulstein. Han tok først inn hos Johannes B. Osnes, men flytte etter kort tid til Nilsgarden på Ulstein og budde der resten av instruktørtida. Den 1. mai fekk Olav Osnes instruksjonar om oppgåvene deira i samband med den kommande kapitulasjonen. Det vart nokre hektiske dagar med klargjering av våpen og utstyr. Dei køyrde våpna til Ulsteinvik folkeskule. Mannskapa vart tildelt armbind og oppsette i lag og troppar. Mange karar fekk seg ei overrasking då dei møtte kameratar som dei ikkje visste var med i motstandsarbeidet. Dei hadde halde tett kvar for seg. Brør var plasserte på kvart sitt lag og hadde ikkje kjent til kvarandre. Foreldre som hadde vore engstelege for at sønene deira hadde vore lenge ute om kvelden, fekk no vite grunnen.