Næring

24 treff

Far, som er fødd i 1884, fortalde at han var med ottring og dreiv torskefiske frå Flø, der onkelen var skipper. Far var då 15 og 16 år. Han tykte det var litt spennande, men litt våtsamt. Kjekkast var det når dei hadde god vind til å sigle inn og ut frå fiskefeltet. Dei dreiv fiske ut på ein fiskeplass som heitte Hammaren, ca. 14 nautiske mil nord for Grasøya. Ottringane var fantastiske siglarar. Far fortalde at dei sigla frå Hammaren til Grasøya på ein time, i ein spesielt god vind. Det vert ei fart på 10-12 mil. Under sigling fekk far ligge trygt og godt under eit segl framme i skuten (baugen). Dei gamle nausta på Ulstein var bygde for ottring, ca. 12 meter lange. Dei tok alltid båtane fram i nausta om våren, i april-mai. Då sette dei ut trerøringen, som var sommarbåten dei nytta til seifiske på seiegrunnen.

I år er det 100 år sidan d/s Onward Ho-forliset, der fire ulsteiningar og ein mann frå Hareid omkom. Før vi går nærare inn på tragedien i 1916, må vi sjå på eit fenomen som er med på å forklare kvifor så mange frå våre kantar var med ein kanadisk fiskebåt den gongen: Utvandringa til Amerika er eit dramatisk innslag i norsk historie. I tidsrommet 1836–1915 utvandra det over 750.000 nordmenn; nesten like mange som det budde i landet ved inngangen til 1800-talet. Ikkje noko anna nordisk land hadde så stor utvandring i høve til folketalet. I Europa hadde berre Irland fleire emigrantar etter folketalet.

Fiskarane på Nordvestlandet var tidleg ute med å starte fiske og fangst på fjerne farvatn. Fisket ved Vest-Grønland blei starta opp tidleg på 1920-talet. Det var organisert som ekspedisjonar med eit større moderskip. Sjølve fisket blei først drive frå små doryar av tre, med fem mann om bord, doryane hadde motorar på 10–16 HK. Ein av dei som var med på det, var Hans Gjendem frå Vigra. Han fortalde at dei dreiv kveitefiske langs kysten av Vest-Grønland like opp til Diskobukta. (Diskobukta er eit havområde som ligg innanfor øya Disko, på vestkysten av Grønland.) Dei lossa så fangsten til moderskipet.

Frå gamalt var jordbruk og fiske grunnlaget for busettinga i bygdene våre. Bøndene dreiv ofte sommarfiske på sild og anna mellom onnene, men på midten av 1800-talet og utover vart vintertorskefisket utanfor land det viktigaste fiskeriet. Torskefisket gjekk føre seg i vintermånadene desember, januar, februar og mars. Mot slutten av 1800-talet fekk ein også innsig av storsild, og vi veit at fleire prøvde seg med drivgarn etter silda. Åttringen (og i nokon grad seksroringen) var den vanlegaste båten til dette fisket. Fiskarbøndene hadde frå tidleg på 1800-talet danna åttringslag og fekk bygd seg båtar inne i fjordane der det var godt om tømmer til byggevirke.