Heilt sidan slutten av første verdskrigen hadde det vore vanleg med kommunale elektrisitetsverk i kommunane på Søre Sunnmøre. Slik også I Ulstein og Hareid. Men utover på 1990-talet var diskusjonen om straumforsyninga eit tilbakevendande fenomen i politiske organ. I kjølvatnet av dei nyliberalistiske straumdraga i økonomien på 80-talet følgde ei tru på at meir bruk av marknaden med tilbod, etterspurnad og konkurranse – ville føre til effektiv bruk også av offentlege kroner.

Dermed vart stadig fleire offentlege tenester sett under lupa og målte med bedriftsøkonomisk målestokk. Denne tenkinga råka på ulikt vis både telefon, post, transporttenester og kraftforsyning. På slutten av 1980-talet kom regjeringa Brundtland med eit forslag til ny energilov. Dei mange små einingane skulle gå saman i regionale selskap med monopol i sitt område. Men så fall regjeringa, og Jan P. Syse (H) tok over. Den borgarlege regjeringa gjekk inn for full liberalisering av kraftmarknaden. Marknadskreftene skulle ordne strukturproblema. Det var grunntanken i den nye energilova som fekk fleirtal i Stortinget. Sjølv om Arbeidarpartiet røysta imot, valde Gro Harlem Brundtland å byggje vidare på vedtaket då ho tok over på ny i 1991. Forsyningsmonopola vart avvikla. No skulle kraftlaga konkurrere med kvarandre, drive med overskot og tene pengar. Dei kommunale elverka vart såleis meir kommersielle og konsentrerte seg ikkje berre om sikker straumforsyning til innbyggjarane, men tok til å handle med straum i den framveksande kraftmarknaden.

Dette var noko av bakgrunnen for at kommunar som Ulstein og Hareid no på midten av 1990-talet byrja å sjå på om det ikkje var like bra om dei selde elverka sine. Ulstein Energi var alt gjort om til aksjeselskap, og skulle snart bli selt i ein prosess der selskapet vart omtala som arvesølvet i kommunen. Men den første dramatiske hendinga kom i 1995, då Ulstein Energiomsetning AS tapte heile eigenkapitalen på 10 millionar kroner. Dermed var dei 9,5 millionane som selskapet vart tilført frå morselskapet Ulstein Energi AS, borte. Dette skulle føre til mykje bråk og uro, og til slutt sa direktør Bjørn Dybhavn opp stillinga si. Han meinte styret i selskapet blanda seg for mykje inn i arbeidet til administrasjonen.

Ei stund vurderte leiinga i Ulstein og Hareid kommunar om det kunne vere hensiktsmessig å slå saman dei to energiverka. Dei valde å setje ned eit utval som skulle vurdere ulike alternativ for dei to elverka. Gruppa leigde også inn ein konsulent.

I mai 1996 vart det kjent at Tussa Kraft ville kjøpe alle aksjane i Ulstein Energi, og signaliserte at verdien av selskapet, det som no skulle bli heitande arvesølvet, var rundt 55 millionar kroner. Dette var likt med den eigenkapitalen som var ført opp i balansen i selskapet. Planen var at Ulstein skulle få vel 31 millionar i kontantar og resten i Tussa-aksjar. Spørsmålet om sal tok litt av merksemda bort frå striden etter dei store tapa i energiselskapet. Men framfor generalforsamlinga i juni 1996 blussa den offentlege krangelen opp igjen. Revisor for Ulstein Energi, Solfrid Alme, var klar på at ho meinte styret i selskapet ikkje hadde gjort jobben sin, og ho meinte styremedlemer kunne stillast økonomisk ansvarleg for tapa. Ordførar Jan Berset ville ikkje offentleggjere revisorrapporten, og hevda at det var for å verne revisor Alme mot å blamere seg offentleg i høve til den sterke kritikken ho kom med. Men lokalavisa fekk tak i hovudinnhaldet i rapporten og kunne presentere kritikken av styret for lesarane. I eit intervju med Vikebladet Vestposten fekk ordføraren spørsmål om noko kunne ha vore gjort annleis i høve til at Ulstein Energi vart aksjeselskap: – I ettertid kan det no seiast at vi burde ha teke det litt meir med ro. Vi var veldig tidleg ute med å tilpasse oss den nye energilova. Vi undervurderte nok utfordringane på dette med kjøp og sal av energi.

Berre så langt i 1996 hadde Ulstein Energi tapt 7 millionar kroner. Men ifølgje journalisten som dekte generalforsamlinga for Vikebladet Vestposten, bar møtet preg av at løpet var lagt på førehand og debatten eit stykke på veg knebla. Styret vart attvalt med taus majoritet. Men Solfrid Alme hadde ikkje heilt sagt siste ord no då ho slutta som revisor for Ulstein Energi. I ei orientering til Ernst & Young Møre åtvara ho selskapet mot å ta på seg revisoroppdrag for Ulstein Energi utan vidare. Til Odd Jarle Døving skreiv ho: – Tar du på deg vervet som revisor i dette selskapet, aksepterer du i prinsippet at innhald i offentlege dokument kan endrast av andre utan at den som går god for innhaldet, er kjent med det.

Redaktøren i Vikebladet Vestposten analyserte konflikten kring energiselskapet på leiarplass og skreiv mellom anna: – Ein del av konflikten omkring Ulstein Energi AS dreier seg om ein kulturkollisjon. Lover, konvensjonar og språk i det private næringslivet støyter mot ei forsamling av kommunepolitikarar – som kanskje ikkje har forstått konsekvensen av at dei no har med eit aksjeselskap å gjere, og ikkje eit kommunalt elektrisitetsverk. At revisor utøver rolla si overfor styre og generalforsamling i eit aksjeselskap, er ein del av dynamikken i eit sunt næringsliv. I denne samanheng er ikkje den kritiske språkbruken i revisorrapporten spesielt tøff. Men no blir altså paragrafane i aksjelova brukte på styret i eit kommunalt aksjeselskap, eit styre av lokalpolitikarar, og då blir det kollisjon, heitte det i leiaren.

Tussa Kraft kom no på banen og baud på energiverka i Hareid og Ulstein. Det låg an til at Hareid ville bli selt for kring 56 millionar kroner, medan Tussa ville betale knapt 55 millionar totalt for Ulstein, noko i kontantar, noko i Tussa-aksjar. Rett før jul 1996 vart resultatet at Hafslund AS sa ja til å kjøpe dei 40 Tussa-aksjane til Ulstein kommune. Ulstein kommune kunne med det innkassere 36 millionar for salet. Medrekna pengane som kommunen fekk for salet av Ulstein Energi AS til Tussa Kraft AS vart Ulstein kommune med eitt 68 millionar kroner rikare. Det heile skjedde ikkje utan debatt, og no starta ein ny diskusjon: Korleis skulle arvesølvet forvaltast. Kommunen disponerte 68 millionar, i tillegg til dei 29 aksjane som kommunen hadde att i Tussa Kraft – til ein verdi på 22 millionar kroner. No gjaldt det både å få mest mogleg ut av pengane, men samtidig hushalde med arvesølvet slik at det heile ikkje gjekk opp i røyk.

Det utvikla seg etter kvart til ein dragkamp om kraftmillionane. Politikarane var bevisste på at dei ikkje måtte sølast bort, men investerast fornuftig. Her var både behov for skular og andre tiltak – som kulturhus. Hausten 1997 hadde kommunen 75 millionar på bok, men samtidig 140 millionar i gjeld.

I 1998 bestemte Tussa Nett seg for å fornye kraftverket i Ulsteindalen. Vurderinga stod mellom å fornye det gamle kraftverket eller byggje ein heilt ny stasjon. Etter samråding med miljøvernavdelinga i fylket enda det med at Tussa ville byggje ein ny kraftstasjon, men samtidig ta vare på den gamle, flotte bygningen med innmat, bygd i 1917.