Eit anna område som får mykje spalteplass i lokalavisa, er turist- og reiselivsnæringa. Ved inngangen til 1990-talet var det starta reiselivslag for kommunane på Ytre Søre Sunnmøre, som etter kvart fekk namnet Runde Reiselivslag.
Sjølve skipingsmøtet vart halde på Ulstein Hotell 3. mai 1990, og kommunane Ulstein, Hareid og Herøy tok del. Det var utarbeidd ein reiselivsplan, der Hareid kommune kjende seg stemoderleg behandla. Mellom anna var det i første utkast orda fram på om at ishavsmuseet burde ligge i Herøy. Dette førte til at Ishavsmuseet i Brandal – med pioneren Henrik Landmark i spissen – ikkje ville vere medlemer i laget. Planen vart seinare omgjort, slik at Brandal framleis skulle vere staden for ishavsmuseum. Men i Hareid var dei likevel ikkje nøgde med reiselivsplanen, som heller ikkje hadde med Kvitneset med si historie frå siste krig: – Reiselivslaget skal vakte seg vel for å styre reiselivsutviklinga i regionen. Oppgåva til laget er å marknadsføre dei reisemåla regionen har frå naturen si side, eller som kommunane eller private har drive fram, argumenterer hareidsordføraren. Det vart aldri noko hjarteleg forhold mellom ordførar Einar Holm og reiselivslaget. Laget kom skeivt ut i starten, og spelte seg etter kvart heilt ut over sidelinja. Hareid melde seg tidleg ut, og like etter tusenårsskiftet følgde Sande, Ulstein og Herøy etter. Då var det ikkje så mykje igjen.