Utover på 1990-talet var Posten inne i ein sentraliseringsfase med nedlegging av kontor, overgang til post i butikk med meir. I løpet av 1998 viste det seg Ulstein og Hareid berre ville få ein postmeister, og at han ville bli plassert i Ulsteinvik. I tillegg skulle det opprettast ein felles bodsentral for Ulstein og Hareid i Saunesmarka.
Frå 1. mars 1999 fekk mange postkundar i Noreg nytt postnummer. Endringa var den største i systemet sidan postnummera vart innførte i 1968. Dei som hadde postboksar hos posten i Ulsteinvik, skulle no få postnummer 6067 Ulsteinvik. Haddal, som før hadde hatt adressa 6067 Haddal, vart 6064 Haddal.
I slutten av november 1999 sa regjeringa ja til planane om Eiksundsambandet og la fram ein proposisjon som gjekk inn for byggjestart i 2002. Det gjekk endå nokre år før sambandet stod klart vinteren 2008.
Mørebil kom med eit utvida tilbod våren 1998: Møre-ekspressen, nattbussen til Gardermoen og Oslo, var inne i det femte driftsåret sitt. Fram til no hadde Rjånes ferjekai vore start og endepunkt for dei reisande frå ytre søre. Det siste året hadde Mørebil leigd ein maxitaxi frå Hareid til Eiksund. Men no hadde busselskapet bestemt seg for å starte heile bussturen mot Oslo på Hareid og køyre til Ulsteinvik om morgonen når bussen kom frå Oslo. Årleg hadde nattbussen kring 13.000 reisande.
Den nye grovavfallsplassen til SSR vart opna på Eidet i februar 1995. Men han ville først vere fullt ferdig midt i mai. Lagringskrisa i avfallsplassen på Flø gjorde at SSR likevel opna på Eidet i februar. Steinuttaket i Fjellsbrekkene på Eidet hadde store dimensjonar. SSR rekna med at det ville ta 15 år å fylle det.
Hausten 1998 var det opning av sorteringsanlegget til SSR i Saunesmarka. Bygget ruva godt i landskapet med sine 2300 kvadratmeter, men likevel ikkje større enn det måtte vere, slo dagleg leiar Peder Almedal i SSR fast. I november var det opning. Både Sande, Herøy, Hareid og Ulstein leverte avfall til SSR. Det nye tilbodet om kjeldesortering ville såleis kome alle dei fire kommunane til gode. Rundt 700 personar var innom sorteringsanlegget under opningsfesten 21. november 1998.
SSR skreiv i november 1999 under ein avtale med Plastretur AS, næringslivet sitt eige selskap for gjenvinning av plast. Avtalen gjorde SSR til sorteringsanlegg for alt plastavfall på Vestlandet og ville ifølgje lokalavisa føre til fleire nye arbeidsplassar. Plastretur hadde tre sorteringssentralar i landet: Oslo, Trondheim og Narvik. No vart nummer fire lagt til Ulsteinvik.