Odim AS hadde sigld i medvind som resten av den lokale industrien. Med ei omsetning på 205 millionar kroner i 1995 – og eit driftsresultat på 20 millionar, hadde Odim hatt sitt beste år til no. I tillegg var ordrebøkene fulle. Bedrifta ville ha arbeid til midten av 1997. Den nytilsette direktøren, Eldar Eilertsen, kunne ikkje ha fått eit betre utgangspunkt. Men spørsmålet om utviding av anlegget på Saunes vart stadig meir akutt; det skulle ende med at bedrifta forlét kommunen.
Interessekonflikten med grunneigarar i området gjorde situasjonen vanskeleg. I eit brev til kommunen gav naboar i området uttrykk for at dei frykta ei ny «Krushammar-sak». Med det viste dei til konflikten som oppstod då Ulstein Verft bygde høghallen ved Krushammarvegen. I ly av konfliktane på Saunes sikra Odim seg ein kontrakt på heile 130 millionar kroner med eit Oslo-selskap. Dette var den største einskildkontrakten i Odim-historia. Like etterpå kom meldinga om at Odim ville kjøpe anlegget som hadde høyrt til det konkursråka Hjørungavaag Verksted. Om dei fekk tilslaget, ville hovudbasen for bedrifta bli flytta til Hareid, melde lokalavisa. I starten av mai 1997 gjekk politikarane i Ulstein inn for at Odim skulle få byggje høghall på Saunes, men då var det for seint. Verksemda gjekk no inn for å etablere seg i Hjørungavåg.
I denne situasjonen er det ordføraren i Hareid for alvor startar arbeidet med å lokke ulsteinbedrifta til Hareid. Han har for lengst sett potensialet som ligg i anlegget til Hjørungavaag Verksted i Hjørungavåg. Men det skulle bli ei tornefull reise før Odim endeleg var godt etablert i Hareid.
Odim ville utvide satsinga si mot oljenæringa. I mars 1997 var handelen i orden. Dei betalte 6,2 millionar kroner og etablerte firmaet Odim Hydraulikk som starta med 10 mann våren 1997. Men bedrifta Hjørungavåg Stål, som leigde ein del av verkstadområdet, gjekk til retten for å stoppe Odim-planane. Hjørungavåg Stål AS vart stifta i slutten av oktober 1996. Selskapet hadde tilhald i storhallen ved Hjørungavaag Verksted. Dei spesialiserte seg på å byggje kompliserte stålkonstruksjonar, og med dei gode tidene i verftsindustrien hadde dei 25 tilsette. Alt i slutten av november var den første seksjonen frakta på lekter til Ulstein Verft. – Tilgangen på arbeid er god, fortalde ein av eigarane i selskapet, Kaijo Rantapelkonen, til lokalavisa.
Ut på hausten 1997 slo Sunnmøre heradsrett fast at Odim-kjøpet stod ved lag. Odim gjorde seg no klar til å starte utbygging ved verftet. Men Hjørungavåg Stål anka avgjerda. Før saka kom opp på ny, fortalde Odim at verksemda var villig til å investere for 50 millionar kroner i Hjørungavåg. Odim vann i lagmannsretten også, men motstandarane anka til Høgsterett. Før saka kom så langt, bestemte Odim seg for å stoppe utbyggingsplanane på Saunes i Ulsteinvik. Bedrifta ville satse i Hjørungavåg og kjende seg sikker på at dei ville få høve til det. I slutten av november 1998 kom meldinga Odim-leiinga hadde venta på: Kjæremålsutvalet til Høgsterett hadde samrøystes vedteke at anken frå Hjørungavåg Stål ikkje skulle fremjast for Høgsterett. Odim Holding AS var med det eigarar av Hjørungavaag Verksted-området. Rundt fem månader seinare signaliserte Odim at bedrifta ikkje kom til å satse meir i Ulsteinvik. Verksemda ville no få hovudsete i Hjørungavåg. Truleg kjende ordførar Einar Holm i Hareid på at dette hadde blitt ein personleg siger. Men Hjørungavåg Stål flytta ut av kommunen. Dei kjøpte Stranda Verksted i Ulstein.