Diskusjonen om eit framtidig kulturhus i Ulsteinvik heldt fram utover i dei siste åra på 1990-talet. I ein avtale med Ulstein kommune i 1997 forplikta styret for Ulstein samfunnshus AL seg for å arbeide for at verdiane knytte til selskapet skulle investerast i nytt kulturhus i Ulstein når den tida kom. Utgangspunktet for avtalen var mellom anna den vanskelege økonomien til Ulstein kino – som var avhengig av kommunale tilskot. I avtalen mellom kommunen og samfunnshuset var det viktig å halde fast på at det skulle vere kinodrift i Ulsteinvik også i framtida.

Ulstein Røde Kors Hjelpekorps hadde vore aktivt i mange år då laget igjen tok del i NM for hjelpekorps i Arendal hausten 1997. Ulsteiningane returnerte med ein femteplass. Det var den beste plasseringa korpset hadde hatt. Berre små detaljar skilde korpset frå dei beste. Frå før hadde korpset ein 10. plass i 1995 og ein 6. plass i 1996. Til saman var 17 korps med i konkurransen. Pål Apelseth var korpsleiar.

Ulstein Røde Kors runda 50 år i 1998. Ifølgje reportasjen i Vikebladet Vestposten var hjelpekorpset eit av dei beste i fylket og med eit ungt og aktivt miljø. Sidan laget vart skipa i april 1948, hadde aktiviteten svinga. Korpset heldt ofte førstehjelpskurs for bedrifter og barnehagar, i tillegg til å oppdatere eigen dugleik. Ulstein Røde Kors eigde også sjukebilen i Ulstein – og hadde driftsansvaret for den. Det hadde korpset tradisjon for etter at dei kjøpte den første sjukebilen i 1961.

Kunstnaren Einar Magne Flø opplevde suksess med juleutstillingane sine i galleriet sitt på den gamle Ulstein-skulen nokre år i siste halvdel av 1990-talet. Både tilreisande julegjester og fastbuande vitja utstillingane, og mange kjøpte måleri. Flø hadde i fleire år hatt atelier i Sagatun på Ulstein, som den gamle skulen no vart kalla.