Då samferdselskomitéen på Stortinget kom på vitjing til Ulsteinvik i 1996, var bodskapen frå MRF-styreleiar Einar Holm klar: Han var uroa over at ferjeflåten i fylket ikkje hadde halde tritt med trafikkutviklinga. Han peikte på at gjennomsnittsalderen på ferjene no var over 20 år. Han poengterte også at trafikkveksten mellom Hareid og Sulesund gjorde krav på nattferjer. Dette måtte kome fram i statsbudsjettet for 1997.
MRF har den siste tida satsa på meir enn ferje-, gods- og snøggbåtfart. Selskapet har sikra seg tre busselskap, og hausten 1996 startar arbeidet med å slå saman Mørebil, Stranda og Sykkylven Billag og Storfjord Rutebilar til eitt selskap. Sentraladministrasjonen for det nye busselskapet, AS Mørebil, skulle ligge i Ørsta, men vart seinare flytta over grensa til Furene i Volda kommune. Utover hausten 1996 gjennomfører MRF-styreleiar Einar Holm og direktør Olav Smørdal forhandlingar med dei fem aksjonærane i Sørøybuss AS. MRF ønskjer også å ta over dette busselskapet, og i oktober har dei kome fram til ein avtale. Sørøybuss får ny eigar; MRF betaler 11 millionar for selskapet. Frå 1. januar 1998 går namnet Sørøybuss over i historia. Busselskapet blir då ein del av MRF-eigde Mørebil. På mange måtar er MRF no på høgda av si makt. Men snart skal det skje endringar i samferdselspolitikken, som forandrar vilkåra for selskapet.
Frå 1. mai 1997 kunne du reise med ekspressbuss frå Hareid og Ulsteinvik til Oslo. Sørøybuss hadde gått inn eit samarbeid med Mørebil AS, og bussane til dette selskapet ville stå klare på Rjånes for å frakte passasjerane frå Sørøybuss vidare til Oslo. Bussen ville vere framme i Oslo klokka 07 om morgonen.
Utover i 1997 førte styreleiaren ein iherdig kamp for kapasitets-auke på ferjene, ikkje minst på sambandet Hareid–Sulesund, eit samband som no skulle konkurranseutsetjast. Dette førte til at Vegdirektoratet bestemte seg for å stille som vilkår at sambandet skulle ha nattavgangar og to nybygde 120-bilarsferjer. Då tidsfristen for tilbodet var ute, hadde det meldt seg sju tilbydarar. I slutten av oktober 1997 kom meldinga om at MRF hadde mist Hareid-Sulesund til Troms Fylkes Dampskibsselskab, med eks-hareidingen Bjørn Kaldhol som direktør. Verken MRF-styreleiar Einar Holm eller direktør Olav Smørdal likte dette, naturleg nok. Dei hadde mist ei viktig strekning. Driftsstart for tilbodet var sett til 1. juli 1999. Laurdag 11. desember 1999 var det dåpsseremoni ved Fiskerstrand Verft for dei nye ferjene Vardehorn og Melshorn som skulle trafikkere strekninga Hareid-Sulesund. TFDS hadde ein sjuårskontrakt på ferjestrekninga.
Men snøggbåtdrifta heldt fram i MRF-regi. Den 28. november 1998 var det klart for dåp av den nye snøggbåten bygd ved Kværner Fjellstrand. Rett etter dåpen vart nye Hjørungavåg sett inn i sambandet mellom Hareid og Ålesund. Båten kunne ta 300 passasjerar fordelt på to dekk.
Frå 1999 får Einar Holm endå ein periode som styreleiar i MRF. Den viktigaste saka i den perioden er utan tvil forhandlingane om fusjon mellom MRF og Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane (FSF). Forhandlingane skaut fart utover i år 2000. Den 26. februar 2001 la forhandlingsutvalet fram tilrådinga om å skipe eit felles eigd holdingselskap som skulle eige MRF og FSF. Sogn og Fjordane fekk ein eigardel på 59 prosent, Møre og Romsdal 41 prosent. MRF-direktør Olav Smørdal skulle bli direktør for den nye selskapet, medan Sogn og Fjordane skulle få styreleiaren. Konsernet fekk Florø som forretningsadresse. MRF-styreleiaren var nøgd med resultatet: – FSF har vore i drift sidan slutten av 1800-talet, og MRF vart etablert i 1920. No i 2001 har vi funne kvarandre og blitt samde om å sameine kreftene. Dette er eit bevisst grep for å binde Nordvestlandet saman, oppsummerte Holm, som vart nestleiar i styret for det nye selskapet.
Etter kvart som trafikken auka og mange pendla til Ulsteinvik frå nabokommunane, utvikla Garneskrysset seg til å bli ein alvorleg flaskehals: – Når trafikken i Garneskrysset hopar seg opp, får vi vanskar med å kome fram i tide. Køen framfor krysset kan lett kome opp i 400 meter, og det oppstår stadig farlege situasjonar, fortalde to av pendlarane som sleit med å kome igjennom dette nålauget og til jobb. Men frå vegkontoret i Molde kunne dei ikkje love planlegging av rundkøyring med det første.