Kommunevalet i Ulstein i 1999 vart ein siger for Høgre med heile 837 røyster og 8 mandat (+2), KrF 586 (5), Ap 563 (5), Frp 314 (2), Venstre 260 (2), Sp 229 (2) og SV 132 (1). Men valet demonstrerte også at det var eit stykke igjen til likestilling i Ulstein; kvinnene hadde ein tendens til å bli strokne av listene.

Ulstein kommunestyre vart såleis sett saman av seks kvinner og 19 menn. Eit samarbeid mellom Høgre, Ap og SV gjorde at Jan Berset (H) kunne halde fram som ordførar og Hannelore Måseide (Ap) som varaordførar. Under konstitueringa vart fem parti representerte i formannskapet. I tillegg til ordførar Jan Berset og varaordførar Hannelore Måseide vart Eli Skaatun (V), Jan Einar Helseth (H), Eivind Ulstein (Sp), Lidbjørn Vattøy (KrF) og Bjørn Røren (Ap) valde inn. Håkon Waage (H) vart leiar av teknisk utval, Erik Haakonsholm (H) skulle styre det nye oppvekst- og kulturutvalet og Hannelore Måseide (A) helse-, sosial- og omsorgsutvalet.