1994 vart eit bra år for fiskarane i Ulstein og Hareid. Talet på fiskarar hadde halde seg nokså stabilt dei siste 20 åra. No var det ein stad mellom 350 til 380 fiskarar i dei to kommunane, med ein gjennomsnittsalder på 38 år. Litt under halvparten høyrde heime i Ulstein, medan talet på båtar var ein tredel større i Ulstein.

I august 1995 arrangerte Ulstein bondelag open gard og familiedag. Rundt 500 menneske tok turen til Ringstaddalen i Haddal ein strålande solskinssøndag. Vertskap var Perny og Nils Gunnar Moldskred. Samtidig var 15 nederlandske bønder på vitjing i regionen og reiste på rundtur til gardar på Flø, Dimnøya, Haddal og på Ulset. Bruket til ekteparet Moldskred i Ringstaddalen hadde 17 mjølkekyr, gjennomsnittet i distriktet låg på 12: – Den største ulikskapen mellom våre bruk her heime og bruka dei har i Nederland og elles i Europa, er storleiken. Dei minste bruka i Nederland har kring 50-60 kyr, fortalde Nils Gunnar Moldskred. Nederlendarane fann dei små vestlandsgardane svært reinsame, og dei vart imponerte over korleis bøndene greidde å halde bygningar og miljøet rundt så reint og fint, alt ifølgje reportasjen i lokalavisa.

I oktober 1995 markerte Ulstein bondelag 50-årsjubileum. Leiar i jubileumsåret var Janlaug Dimmen. Det historiske attersynet viste at bondelaget frå krigen og fram til no hadde gått gjennom store endringar. Bondelaget i Ulstein var mellom dei mest aktive i fylket. Spørsmålet var om det ville vere nok bønder i framtida til å halde oppe aktiviteten. Medlemstalet dei siste åra hadde lege stabilt på rundt 40, og jordbruket i Ulstein utgjorde om lag 50 årsverk. No vart Svein Åge Flø valt til ny leiar i det lokale bondelaget.

Bøndene i Ulstein og Herøy gjekk i 1997 inn eit samarbeid om landbruksvikar. Vikaren skulle vere tilsett gjennom Søre Sunnmøre landbrukskontor, og bønder i Hareid kunne få leige vikaren, men då til ein dyrare timepris: – Vi er glade for at vi har fått til denne ordninga. Det har vore eit problem for bøndene at dei ikkje har hatt nokon som kunne steppe inn ved sjukdom, forklarte fagkonsulent Oddvar Gjerde ved landbrukskontoret. På 1980-talet var det ei ordning med landbruksvikar i Ulstein og Hareid, men ordninga fall bort etter ei tid. No eksisterte det nokre avløysarringar, men desse var tenkte som fritidsløysing, ikkje ved sjukdom. I Ulstein og Herøy fanst det i 1997 kring 190 bønder med smått og stort. Det var dei som dreiv mjølkeproduksjon som hadde mest behov for avløysar.

Den tidlegare misjonæren Åse Sandanger vart tilsett som landbruksvikar i 1997. Ho hadde arbeidd i Den norske Santalmisjonen i Bangladesh i ni år. No gledde ho seg til å jobbe på gardane rundt om på Søre Sunnmøre.
I november 1999 skipa bøndene i regionen Vestre Sunnmøre Bondelag. Dette var første gongen bondelaga gjekk saman på tvers av kommunegrensene i Noreg. Det var bøndene i Ulstein, Hareid og Herøy som samla seg, og skipinga skjedde på Hasund bygdehus. Dei valde å legge vekt på det positive at dei gjekk i lag, og ikkje det at medlemstalet i kvart av laga minka.

Onsdag 5. februar 1997 heldt kommunane på Ytre Søre Sunnmøre fest for skogreisingsleiar Tore Brath. Han kom til regionen på 1950-talet og hadde drive med skogreising her i 40 år. Brath fekk takk og helsingar for den ruvande innsatsen sin med å kle øysamfunna med skog. I alle år hadde han planlagt felta og gått i spissen når plantane skulle i jorda.

Hausten 1996 flagga den siste havfiskebåten i Ulstein ut til Herøy: – I Herøy er det status å vere fiskar. I Ulstein kan det sjå ut som vi fiskarar ikkje betyr noko lenger, kommenterte skipper og reiar Knut Arne Høyvik til lokalavisa. Han hadde no aksjemajoriteten i Karl Vadøy. Han såg fram til å hente erfaring og inspirasjon frå fiskerimiljøet i Herøy, og då særleg linemiljøet. Den nye Karl Vadøy var åtte år gammal. Men alt ved nyttår 1996/97 vart Karl Vadøy seld til Sula-reiarlaget Havskjær – og fekk namnet Havstål: – Vi greidde ikkje å skaffe den eigenkapitalen som bankane kravde i samband med omdanninga frå partsreiarlag til aksjeselskap. Derfor bestemte eg meg for å legge båten ut for sal, kommenterte Knut Arne Høyvik i samtale med Vestlandsnytt. Høyvik fekk 25 millionar kroner for båten, og med det kunne han avvikle reiarlaget og kome greitt ut av det.

Fløfisk hadde, som vi veit, skifta eigarar etter vanskane den første tida. Hausten 1996 investerte selskapet i ei vaksineringsmaskin til settefiskeanlegget på Flø. Maskina kunne vaksinere 8000 fisk i timen; før kunne dei berre klare halvparten fordi vaksineringa måtte gjerast for hand: – Maskina skal nyttast på både laks og aure og vaksinere mot furunkulose, vibrose, kaldvassvibrose og IPN. Det siste gjeld berre for laks. Alt er samla i ein vaksine, så fisken slepp å bli stukken fleire gonger, forklarte driftsleiar Knut Hofseth i samtale med lokalavisa.