Julestjerna 2019

6 treff

I fjorårets utgåve av Julestjerna kunne vi lese om innsamlingsbøssa Julegryta som Konrad Simmones laga stativet og lóket på slutten av 1940-talet. For å lage artikkelen var vi innom arkivet til Vikebladet. I ei utgåve frå 22. desember 1949 fann vi bakgrunnen for Julegryta. Ved gjennomlesing av utgåva vart vi overvelda av talet på julefestar som blei arrangert.

Det var no i adventstida at dei brune pakkane kom i posten til dei som styrte med alle viktige ting i bygda. Pakkane kom visst heilt frå Oslo. I pakkane låg det juleblad som Samenes Venn, Fiskernes Venn og mange andre blad som eg ikkje hugsar namnet på.

Han var fjorten, og skulle konfirmerast til våren. Det var eit år sidan han hadde kjøpt den vesle færingen for sparepengane sine. Den hadde ikkje motor, den var lett å ro. Når vêret var fint, brukte han berre ti minutt å ro til Storneslykta, der han av og til kunne få mange små torskar og av og til ein lyr eller sei.

Hausten er ei travel onn, men i arbeidet har dei sett fram til denne høgtida. Under truskinga har dei lagt frå kornbandet og funne fin, rein halm til sengene. Dei har spunne og vove, alle skal få seg eit nytt kleplagg til jul. Spikekjøtet som dei hengde opp var av dei finaste sauene og geitene. Dei har gøymt på eple frå trea i hagen, og plukka neter i Alsstranda.

Orsak at eg er personleg. Tida før jul og sjølve julaftan var livet «i spenningens land» for meg. Forventningane i alt vi hadde før sjølve julekvelden overgår det meste av det som seinare kom. Mor var sentral. Det var alt med kleda. Karing, spinning, strikking, sying og damping. I jula skulle vi ha mest mogleg nytt på oss. Og maten – alle småkakene og julebrødet med rosiner i. Vask og stell av sengklede, nystrokne gardiner og ny voksduk på kjøkenbordet.

Forfattar: Julestjerna 2019

Bondeguten er det handskrivne bladet til Ulstein KFUK- KFUM. Tradisjonen har vore halde i hevd heilt fram til våre dagar. Innhaldet har endra seg frå sterkt forkynnande tekster til meir allmennelige tekster. Det hanskrive bladet blei som oftast lest opp ved den årlege julefesten på Fredheim. Bilete til venstre syner Bondeguten for perioden 1914 til 1927. Fortellinga er henta frå bladet og attgitt i original tekst.