Sakristi og dåpsventerom

Sakristiet har og vorte utvida, med ein gang over heile breidda bak koret, og så avdelt i to rom, eit sakristi for presten og eit dåpsventerom. Mellom roma er eit brei dør, slik at mindre samkomer kan haldast der.

Ulstein kyrkje tidleg på 1900-talet.

Samferdsel

Gangveg over Eidet var ei sak det hadde blitt snakka om i mange år. I februar 2009 fekk saka eit lyft. Etter påtrykk frå Oskar Grimstad (Frp) flytta fylkesutvalet gang- og sykkelvegen over på prioriteringslista si over strakstiltak. Men enno var det eit stykke fram. I starten av februar 2013 starta arbeidet med den 1,9 kilometer lange gangvegstrekninga over Eidet, frå Nevstad til Varleite. Mesta hadde vunne anbodskonkurransen og skulle gjere arbeidet for 17,4 millionar kroner. Med dette prosjektet ville Ulstein og Hareid også vere knytta saman for gåande, joggande og syklande. I vegen skulle også dei to kommunane knytast saman med ei vassleidning som ville gi dei to alternative vasskjelder i ei krise. Gangvegen vart offisielt opna i starten av november 2013 med ordførarane Anders Riise og Jan Berset som snorhaldarar, og fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) som snorklippar. Gjerde hadde vore ein ivrig forkjempar av gangvegen over Eidet.

I starten av februar 2013 starta arbeidet med den 1,9 kilometer lange gangvegstrekninga over Eidet, frå Nevstad til Varleite. Mesta hadde vunne anbodskonkurransen og skulle gjere arbeidet for 17,4 millionar kroner. Med dette prosjektet ville Ulstein og Hareid også vere knytta saman for gåande, joggande og syklande. Gangvegen vart offisielt opna i starten av november 2013 med ordførarane Anders Riise og Jan Berset som snorhaldarar, og fylkesvaraordførar Gunn Berit Gjerde (V) som snorklippar. Gjerde hadde vore ein ivrig forkjempar av gangvegen over Eidet. Bildet er frå 2021.

Samferdsel og kommunikasjon

Det var ein merkedag i Ulsteinvik 15. januar 1970 då ein av godsrutebåtane til Det Stavangerske Damskipsselskab og Innherreds Aktie Dampskibsselskab, Ryfylke, kom innom på den første turen med stopp i Ulsteinvik. Dei to selskapa hadde no sett i gang rute her. Ulsteinvik ville få to stopp i veka, eitt på nordgåande og eitt på sør. Båten gjekk frå Stavanger til Trondheim, Steinkjer og Levanger. Ruta var ikkje minst viktig for industrien i Ulstein-regionen.

Første byggesteget av den nye kommunale kaia i Ulsteinvik vart teke i bruk i 1972. På same tid stod det nye terminalbygget ferdig. I bakgrunnen ser vi Sjøborg.
Første byggesteget av den nye kommunale kaia i Ulsteinvik vart teke i bruk i 1972. På same tid stod det nye terminalbygget ferdig. I bakgrunnen ser vi Sjøborg.

Samferdsel og kommunikasjonar

I mai 1938 skriv Sunnmørsposten: – Det kommunikasjonsmøtet som vart halde i Ulsteinvik førre veke, har krav på merksemd frå styresmaktene. Der møtte sendemenn både frå Herøy, Ulstein og Hareid. Bak desse står eit folketal på 9-10.000 menneske. Næringslivet i desse kommunane vender seg utetter; fiske, fangst og ein industri som har teke seg godt opp dei siste 20 åra. Alt dette er yrkesgreiner som krev godt rutesamband, snøgg postgang og godt telefonsamband bygdene imellom og utetter.

Etterkvart som vegane blei betre, blei det opna bussruter mellom bygdene. Dette er bussen til Gerhard Ulfstein, ”Kjelken”, ein Wills Overland 1931-modell med 18 sete som køyrde mellom Ulstein, Hareid og Larsnes. Det var eit staseleg køyrety med lyseblå stripe og raud omramming på vindauga.

Samferdsel og post

I slutten av mai 2000 starta Verkstadforeininga kronerulling til Eiksundsambandet. Målet var å få inn kring 10 millionar kroner. Det skulle ta litt tid. I utgangspuntet var det oppgåva til staten å finansiere sambandet, men regjeringa hadde signalisert at det også måtte lokal kapital til. I oktober melde eit sammøte mellom fylkesutvalet og samferdselsutvalet at politikarane hadde samla seg om å prioritere Eiksundsambandet på topp med tanke på transportplanen. No var all tvil feia til sides. Sambandet ville kome.

Næringslivet engasjerte seg sterkt i utbygginga av Eiksundsambandet. Dette bildet er frå 1999. F. v.: Idar Ulstein, Knut Nærø, Per Sævik, fylkespolitikar Svein Atle Roset, statsminister Kjell Magne Bondevik

Samferdsle – nokre hendingar

I Vikebladet 31. januar 1946 skriv doktor Sellevold eit innlegg der han peiker på dei dårlege vegane enkelte stader i kommunane: – Gode vegar er ei kommunal oppgåve. Dei krappe svingane på Overå t.d. har vore årsak til mange og til dels alvorlege ulykker. Men det ser ikkje ut til at nokon styremakter får legge om desse svingane.

Bussane veks etter kvart, og Kolbjørn Moldskred sette våren 1950 inn ein 33-seters buss i ruta Ulsteinvik-Hareid.

Samferdsle og ferjerevolusjon

I starten av august 1961 var asfalteringa av Ulsteinvik sentrum ferdig i denne omgang. Kostnaden vart delt med to tredjedelar på kommunen, ein tredjedel på staten. Samtidig hadde nokre private nytta høvet til å få asfalt framfor eigedommane sine, mellom desse Servicestasjonen og Ulstein samfunnshus. Haldeplassen var mykje utvida, og det skulle merkast opp parkeringsplassar for bussar, godsvogner og drosjer.

Utover i 1960 var det også førebuing til asfaltarbeid i Ulsteinvik. Det medførte mykje graving i gater og vegar med tanke på nedlegging av rør og kablar. Sommaren 1961 var det så klart for eit omfattande asfalteringsprogram. Her frå asfalteringa i Bakkegata.

Samferdsle og kommunikasjon

Utviklinga i ferjetrafikken viser ein tydeleg tendens. Talet på bilar på sambandet Hareid-Ålesund går ned, over Sulesund aukar det kraftig. Men folk har bruk for å kome seg til Ålesund utan bil. I mars 1980 gjer MRF-styret derfor eit viktig vedtak.

Ferjeruta mellom Ulsteinvik og Hatløya opphøyrde frå 15. januar 1982. Ferjekaia i Ulsteinvik skulle då fjernast, slik at arbeidet med å vidareføre Sjøgata til Haldeplassen kunne halde fram. Ferja Torulf hadde frakta folk og gods mellom Ulsteinvik og Hatløya i 14 år.

Samferdsle, kommunikasjonar og post

Det hadde vore mange endringar i Posten også i Ulstein. I juli 2006 fekk Eiksund endeleg sitt eige postnummer igjen, 6068 Eiksund. – Det handlar om identitet, understreka Jostein Velsvik i Eiksund bygdelag til lokalavisa. Han hadde saman med Bodil Havåg hatt oppdraget med å forhandle med Posten for at bygda skulle få tilbake eit eige postnummer. Det klarte dei, og ordninga tok til å gjelde frå 1. oktober 2006.

Ei av markeringane i samband med opninga av sambandet var den såkalla Eiksundsamklangen, der dirigent Svein Eiksund hadde samla 300 songarar frå 11 kor frå regionen med konsert mellom anna i Herøy kyrkje. Sambandet blei opna 23. februar 2008.

Samfunnshus

Det steig no til overflata eit stadig sterkare ønske om at Ulstein måtte skaffe seg eit samfunnshus med mellom anna høve til kino. Heilt sidan Hareid starta kino på Trudvang rett før krigen, hadde filminteresserte ulsteiningar drege over Eidet. No meinte fleire at tida var inne for å starte arbeidet med eit eige lokale. Ein av dei som engasjerte seg i debatten, var den unge Idar Lars Ulstein.

I 1957 vart det skipa eit lutlag med tanke på å realisere Ulstein samfunnshus og med Thomas Strandabø som styreleiar. Bildet er frå 1963.

Samhald og rasjonering for industrien

– Det som særprega desse krigsåra, var det gode forholdet mellom naboar og arbeidskameratar. Den felles lagnaden førte til eineståande samhald og hjelpsemd. Trengselstida sveisa folk i hop, også på arbeidsplassane, fortalde disponent Leif Hatlø ved Hatlø Verksted i eit intervju (d. 1983), gitt att i Vikebladet i 1995.

Artikkelen er henta frå boka "Ulstein veks fram".

Samhald og tru på framtida

Når krigen no var over, heldt rasjoneringa av ei rekke varer fram – til dels i fleire år. Men sjølv om det var optimisme og pågangsmot i jordbruket i Ulstein, var det andre yrkesgrupper som fekk meir vind i segla i den nye tida. Industrialiseringa skaut fart, og fiske og fangst fekk nokre år utover med gode fangstar og bra prisar. Lokalsamfunnet går inn i ei endring på meir enn ein måte.

I Ulstein samla det gamle kommunestyret seg til møte på Fredheim laurdag 15. september 1945, for første gong sidan frigjeringa.

Saniteten

I 1896 stifta ei gruppe kvinner med Fredrikke Marie Qvam i spissen Norske Kvinners Sanitetsforening (NKS). Qvam var med i leiinga heilt til 1933 då ho var 90 år gammal. Spiren til å skipe Ulstein Sogns Sykepleieforening, som namnet var frå først av, vart sådd då dokter Øverland gjesta Ulsteinvik og heldt foredrag. Han var reisesekretær for Nasjonalforeningen, og det var arbeidet for dei tuberkuloseramma som først og fremst låg legen på hjertet.

I huset til Bernt Hofset blei Ulstein Sanitetsforening skipa 30. mars 1912.

Sauekvia i Ulsteindalen

Denne artikkelen stod på trykk i Vikebladet i september 1980.

Når eg er heime på gamle trakter, går ofte turen til Ulsteindalen, slik også denne gongen. I enden av dalen ligg den gamle sauekvia. Tidens tann har fare hardt fram med den, og uvettige menneske har hjelpt til og laga grue, bord og sitteplassar av steinane ikring. I dag er det 1. september, saueskiljardag etter gammalt.

Slik ligg sauekvia, sommaren 2006.

Sel arvesølvet – pengar til nye investeringar

Heilt sidan slutten av første verdskrigen hadde det vore vanleg med kommunale elektrisitetsverk i kommunane på Søre Sunnmøre. Slik også I Ulstein og Hareid. Men utover på 1990-talet var diskusjonen om straumforsyninga eit tilbakevendande fenomen i politiske organ. I kjølvatnet av dei nyliberalistiske straumdraga i økonomien på 80-talet følgde ei tru på at meir bruk av marknaden med tilbod, etterspurnad og konkurranse – ville føre til effektiv bruk også av offentlege kroner.

Ulstein Kraftstasjon var ferdigstilt i 1917.

Sentralisering

Sentralisering av folk og tenester var ikkje noko nytt fenomen i Noreg, heller ikkje i Ulstein. Heilt sidan 1970-talet hadde Ulstein styrkt seg på kostnad av nabokommunane, delvis som ei statleg- og fylkeskommunal linje, delvis som følgje av tyngdekrafta og kapitaltilgangen i næringslivet. Denne tendensen forsterka seg i dei første 2000-åra då Ulsteinvik vart kraftig utbygd som handelssenter først og fremst som følgje av at mykje av pengane frå salet av Ulsteinkonsernet vart brukte lokalt. Til jul 2001 hadde Ulsteinvik også fått vinmonopol. Samtidig auka talet på skjenkeløyve i kommunane.

Ulsteinvik i 2006.

Sentrumsvandring 25. september 2022

25. september 2022 gjekk fyrste del av sentrumsvandringa i Ulsteinvik. Det starta ved Sjøborg kulturhus og enda ved Blåhuset. 7. mai heldt vandringa fram frå Petterbakken til Geileneset. Her er videon frå vandringa 25. september 2022.

Videon er filma og redigert av Åge Andre Breivik.

Leiar i laget, Lars Inge Breivik orienterte om sentrumsvandringa 25. september 2022.
Leiar i laget, Lars Inge Breivik orienterte om sentrumsvandringa 25. september 2022.

Serine – i Nilsgarden

Serine vart fødd 12. september 1819 på Skare i Austefjorden. Ho var barn nummer sju av foreldra Ottar (Otte) Ivarsson (døypt 16.2.1773) frå Erkegarden på Langvatn og Brit Olsdotter Skare (døypt 18.9.1774).

Garden Skare vart bygsla av pastor Finde i 1801, og Ottar fekk kjøpt han av proprietær Nils Leganger i 1826. Garden ligg på sørsida av Austefjorden, ikkje langt frå Fyrde som er inst i fjorden.

Serine vart fødd 12. september 1819 på Skare i Austefjorden.

Severin Hop

Severin kom frå Hop ved Bergen. Severin var den første organisten i Ulstein, men det var først og fremst som skulemann og folkehøgskulelærar han skulle gjere si gjerning.

Severin Hop.