I Vikebladet 31. januar 1946 skriv doktor Sellevold eit innlegg der han peiker på dei dårlege vegane enkelte stader i kommunane: – Gode vegar er ei kommunal oppgåve. Dei krappe svingane på Overå t.d. har vore årsak til mange og til dels alvorlege ulykker. Men det ser ikkje ut til at nokon styremakter får legge om desse svingane.

Arbeidet med å utbetre Overå-svingane tok til tidleg i 1949 og heldt fram i 1950. Men eit anna vegproblem som var årvisst denne tida, og hadde vore det sidan vegen vart laga, var teleløysinga vårane. Våren 1951 måtte busstrafikken over Eidet stanse ei veke. Ludvik N. Holstad skriv: – Riksvegen framover dalen har vore eit sørgjeleg syn lenge no. Det er teleløysinga som gjer det. Busstrafikken har stansa ei veke. Eg trur ikkje det har hendt før.

Det skulle gå meir enn 10 år før det vart ei betring gjennom dalen.

Dette året ser vi at det har danna seg eit bussrutemønster på Ytre Søre Sunnmøre, som kom til å vare ved i lang tid. Dei som no hadde konsesjon på bilruter i distriktet, var Georg Petersen, Larsnes, Kolbjørn Moldskred, Ulsteinvik, Olav Djupvik, Leikong/Gjerdsvika og Lars Bjåstad, Hareid. Sistnemnde hadde ikkje fått sin første buss enno, men han var like om hjørnet. Etter kvart skulle folk kjenne bussane som dei grå larsnesbussane, blå gjerdsvikbussane, raude ulsteinbussane og dei grøne bjåstadbussane.

Bussane veks etter kvart, og Kolbjørn Moldskred sette våren 1950 inn ein 33-seters buss i ruta Ulsteinvik-Hareid. Det er rasjonering på både matvarer, klede og anna i åra etter krigen. Men våren 1946 blir rasjoneringa på syklar og sykkelgummi oppheva. Lokalavisa kan då fortelje at sykkelforhandlarane har blitt fullstendig rende ned av folk som vil kjøpe sykkel, dekk og slangar. Derfor kan forhandlarane i første omgang ikkje levere ut syklar og gummi til andre enn dei som har kjøpekort. Leveringane frå fabrikkane må baserast på eit kvotesystem.

Men det skjer også andre ting innan samferdsle desse åra: Eit selskap på Hareid kjøpte i august 1948 privatflyet til Aksel Holm i Ålesund. Flyet, ein Fairchild, var eit av dei største privatflya i landet. Til lokalavisa fortalde dei nye eigarane at dei førebels ikkje visste kva dei skulle nytte flyet til. Ei veke seinare melde lokalavisa at Dagbart Hareide og Halvor Bigset hadde reist til Trondheim for å gjennomføre legegransking for å få flysertifikat.