I åra etter krigen blir det planta ein del skog på øya. Ulstein og Hareid Jeger- og Fiskarforeining kom raskt i gang etter krigen. Under årsmøtet i desember 1947 vart det avgjort at laget skulle ta over eit areal på knapt 50 dekar ved Brørevatnet på eit åremål på 85 år.

Området skulle nyttast til å plante 17.000-18.000 buskfuru og kvitgran. Foreininga ville ta på seg gjerdehaldet av plantefeltet og ta kostnadene i første omgang, men rekna med å få refusjon frå Skogselskapet. Målet var mellom anna å skaffe insekt til fisken i vatnet. Styret fekk fullmakt til å gå til innkjøp av yngel for utsetjing. Foreininga hadde no over 100 medlemmer, og formann Karl Landmark vart attvald.

I 1948 vart det sett ut 680.000 skogplantar på Sunnmøre, 14.055 av desse i Hareid, 10.800 i Ulstein. Litt etter litt skulle øya bli kledd og dyrelivet endre seg. I september 1950 fekk lokalavisa melding frå Bjarne Snipsøyr på Ulset om at han og huslyden hans hadde sett to pene hjortar: – Dyra var svært sky og sprang inn i skogen då dei vart merksame på at det var folk i nærleiken. Snipsøyr fortel at han har sett hjort på Hareidlandet også tidlegare, men det er mange år sidan. Truleg har dyra sumt over fjorden og kome til øya på det viset, konkluderer avisa.