Når krigen no var over, heldt rasjoneringa av ei rekke varer fram – til dels i fleire år. Men sjølv om det var optimisme og pågangsmot i jordbruket i Ulstein, var det andre yrkesgrupper som fekk meir vind i segla i den nye tida. Industrialiseringa skaut fart, og fiske og fangst fekk nokre år utover med gode fangstar og bra prisar. Lokalsamfunnet går inn i ei endring på meir enn ein måte.
Gleda over dagen og trua på framtida var tilbake i 1945. I fem lange år hadde tankane på det som skulle kome, vore ei kjelde til mot og håp; freden, det nye Noreg, framtidslandet. Ei grunnstemning var ikkje til å ta feil av: Saman har vi vunne krigen, saman skal vi vinne freden. Alle dei politiske partia ville vere folkeparti no. Dei gjekk saman om eit fellesprogram i 1945. Det var mykje som skulle atterreisast, også folkemoralen. Dette blir eit tema i samfunnsdebatten i Ulstein og Hareid i åra etter krigen. Tema som underhaldning, kino, dans, banning, alkohol og idrettens plass skulle stå sentralt. Kva var oppbyggjeleg, kva var nedbrytande? Samtidig slår tema frå storsamfunnet inn: prevensjon, forplantingslære i skulen, avkristning. Vi ser brytningar i bygda – mellom tradisjonar og den nye tid.
Saman med håpet og optimismen var det også ei frykt mellom folk. Ville det gå bra? Mange kom tilbake frå eksil, krig eller fangenskap; ville det bli arbeid til alle? Eller ville landet oppleve ei etterkrigskrise som i 1920? Vi må seie at det gjekk bra. Atterreisinga skapte ny trong for arbeid og produksjonen auka.
Partimønsteret på nasjonalt plan i 1945 vart om lag som før krigen, med to unntak: Norges Kommunistiske Parti (NKP) kom att med ny styrke. Motstandskampen til kommunistar og den sovjetiske krigsinnsatsen gjorde sitt. KrF tok no spranget frå vestlandsparti til landsparti. Størst vanskar med å kome på føtene igjen hadde Bondepartiet. Quisling hadde tilknyting til partiet før 1933. Dette hang i.
Einar Gerhardsen danna si første regjering den 25. juni 1945. Ho vart kalla samlingsregjeringa og vart oppretta i kjølvatnet av frigjeringa og avgangen til Nygaardsvold. Samlingsregjeringa fungerte som ei overgangsregjering fram til valet hausten 1945. Ho sat til 5. november og hadde medlemer frå Ap, Høgre, Bondepartiet, Venstre, NKP og Heimefronten.
Fellesånda prega også valkampen denne hausten. Partia stilte med eigne lister og program, men hadde samtidig slutta seg til Fellesprogrammet. Valkampen skal ha vore den mest saklege i moderne tid (Furre 1999). Fellesprogrammet hadde postar om korleis samfunnet skulle normaliserast, om val av nytt storting og kommunestyre, og om rettsoppgjeret. Målet var samarbeid over gamle skiljelinjer for å atterreise landet. Samtidig spegla venstredreiinga i opinionen noko av innhaldet: Programmet gjekk mellom anna inn for ein regulert og planlagt blandingsøkonomi. Staten skulle legge planar, og dei private skulle samarbeide med staten. Samtidig var alt som heitte sosialisering, klassekamp og klassepolitikk lagt til side til fordel for samarbeid til beste for folk og land. Kapitalen var ikkje ein fiende, men ein verdi som skulle nyttast i atterreisinga. Regjeringa fekk i stand eit økonomisk samordningsråd der dei store næringsorganisasjonane på eigarsida, LO og regjeringa, var med. Marknadskreftene fekk relativt tronge kår i åra etter krigen. Knappe ressursar og svære atterreisingsoppgåver var grunnlag for ein streng reguleringspolitikk. I den spesielle situasjonen etter krigen skulle varene rasjonerast og prisane styrast. Krigsøkonomien med sterke kontrollmekanismar hadde synt seg effektiv med omsyn til å få mykje ut av knappe ressursar. Prisar og lønner skulle haldast stabile ved kontroll og streng lønnspolitikk. Heilt fram til 1950 var prisstabiliseringa gjennomført med stor konsekvens, men også store kostnader.
I realiteten trekte Fellesprogrammet opp ein politikk som førte vidare det Nygaardsvold-regjeringa hadde ønskt å gjere. Arbeidarpartiet kunne derfor identifisere seg med Fellesprogrammet sterkare enn andre parti og dra fordel av det. Partileiar og statsminister Einar Gerhardsen lekamleggjorde programmet og stod fram som forvaltaren av samhaldet frå motstandskampen. På denne måten forsterka Ap fundamentet for sitt langvarige, politiske hegemoni, den sosialdemokratiske orden.
Ved stortingsvalet i oktober 1945 fekk Arbeidarpartiet reint fleirtal og danna regjering åleine med Einar Gerhardsen som statsminister. Ved valet fire år seinare – i 1949, vann Ap den største sigeren sin til då og fekk 85 mandat, ni fleire enn i 45. Ap-fleirtalet skulle stå ved lag heilt til 1961. Ved stortingsvalet i Ulstein i 1945 fekk Høgre 42 røyster (57), Bondepartiet 135 (169), KrF 350, Venstre 391 (610), Ap 241 (160) og NKP 0.
I Ulstein samla det gamle kommunestyret seg til møte på Fredheim laurdag 15. september 1945, for første gong sidan frigjeringa. Ordførar Leif Saunes leidde møtet som mellom anna mintest dei frå Ulstein som hadde falle under krigen. Saunes hadde sete som ordførar under okkupasjonen, og det var ikkje lett. Folk hadde prata, men han hadde prøvt å handle til bygdas beste. Martin Ulstein tok ordet og takka ordføraren for innsatsen (Vikebladet).
Den 20. desember var det kommuneval. I Ulstein stilte krinsane med lister, tradisjonen tru. Arbeidarpartiet var det einaste politiske partiet med liste og med Ole Hofset på topp. Ap fekk inn to representantar, Flø 2, Ulstein 2, Ulsteinvik 5, Haddal 2, Hasund 4, Dimna 1 og Hatløy/Vattøy 1. Knut Strand vart vald til ny ordførar med Karl Alme som varaordførar.
Ved kommunevalet i 1947 fekk Ap 2 representantar, Flø 2, Ulstein 2, Ulsteinvik 7, Haddal 2, Hasund 3, Dimna 1 og Hatløy/Vattøy 1. Verftseigar Martin O. Ulstein frå Ulsteinvik vart vald til ordførar. Det var store voner mellom mange til den driftige verftseigaren. Men laurdag 5. juni 1948 køyrde Martin O. Ulstein frå fylkestingsmøte i Molde. Han la seg inn på Sjøholt Hotell, der han døydde brått natt til søndag 6. juni. Knut Ertesvåg rykte opp som ordførar, og Leif Hatlø vart vald til varaordførar.
Dei kommunale budsjetta var nokså bra dei første åra etter krigen, og det kom gradvis fart både i det offentlege og i næringslivet.