Maritim næring i medgang

Skipsverfta i regionen starta 2006 med over sju milliardar kroner i ordreboka. Fleire hadde byrja å snakke om at ordrefesten snart ville vere over. Men forskingsleiar Oddmund Oterhals ved Møreforsking trudde ikkje på noko krakk. Bodskapen hans var at verfta ville ha god ordreinngang i fleire år framover. Slik vart det. Ordrane strøymde inn. Ulstein hadde tre milliardar i ordrereserve, Kleven to milliardar. Dette skulle auke. Ulstein teikna til dømes ein kontrakt med Olympic på 1,3 milliardar i desember dette året. Ein større boom hadde den lokale skipsindustrien aldri opplevd. No investerte Kleven også i bedding og ny hall. Ikkje lenge etter tinga Rem Maritime to nye skip ved Kleven.

Utover 2000-talet kom X-bowen. Ein sentral aktør for utviklinga av den såkalla X-bowen ved Ulstein Design var Øyvind Gjerde Kamsvåg. Satsinga på design skulle bli ein suksess for Ulsteinkonsernet.

Marius Kleven

Kleven Verft har gjennom to generasjonar vore ei hjørnesteinsbedrift i Ulstein Kommune. Bedrifta har dels stått fritt og dels vore i konsern med andre bedrifter, og eigarskap har skifta. Denne artikkelen skal seie litt om mannen som starta Kleven Mek. Verksted tilbake i 1944 – Marius Kleven. Kven var han og kva stod han for i yrke og fritid? Har verdiane hans sett sitt preg på bedrifta slik vi kjenner henne i dag? Her skal vi minnast litt denne – bokstavleg talt – store mannen som i sitt vesen var prega av at han hadde ein smed sin kropp, samfunnsengasjementet til ein politikar og kulturinteressa til ein aktiv korsongar.

Marius Kleven.

Martin Laurits Peter Olson Ulstein

Martin blei fødd på Kolbeinhaugen på Ulstein av foreldra Ole Hansson og Dina Larsdotter Ulstein, saman med sju andre sysken: Hanna (1883), Johanne Sofie (1886), Lars Johannes (1889), Hans Nikolai (1891), Martin Laurits Peter (1893), Helga Salome (1896), Osvald Emil (1899), Ingeborg Nikoline (1901).

Martin Ulstein. grunnleggaren av Ulstein Mekan-iske Verksted.

Matminne frå mor

Denne artikkelen baserer seg på ei semesteroppgåve i mat, kultur og konservering ved Høgskulen i Volda av Margrete Hatløy Brubakk. Hovudkjelda til oppgåva er mor hennar, Karen Brubakk f. Hatløy, og det er hennar barne- og ungdomsminne om mat- og matskikkar artikkelen handlar om.

Meir land, bustadbygging og folketal

Politikarar og kommuneadministrasjon i Ulstein var i 1970 for lengst samde om å flytte linja for indre hamn i Ulsteinvik lengre ut mot marebakken, fylle ut og vinne meir land. Utfyllinga skulle også gjelde inn mot Saunes. Utfyllinga i sjøen i Ulsteinvik la til rette for ei omfattande utvikling og endring av Ulsteinvik sentrum. Ein god del av massen kom frå Hatlø-verkstaden som tidleg på 1970-talet skaut ut ei stor dokk.

Politikarar og kommuneadministrasjon i Ulstein var i 1970 for lengst samde om å flytte linja for indre hamn i Ulsteinvik lengre ut mot marebakken, fylle ut og vinne meir land. Utfyllinga skulle også gjelde inn mot Saunes. Utfyllinga i sjøen i Ulsteinvik la til rette for ei omfattande utvikling og endring av Ulsteinvik sentrum. Ein god del av massen kom frå Hatlø-verkstaden som tidleg på 1970-talet skaut ut ei stor dokk.
Politikarar og kommuneadministrasjon i Ulstein var i 1970 for lengst samde om å flytte linja for indre hamn i Ulsteinvik lengre ut mot marebakken, fylle ut og vinne meir land. Utfyllinga skulle også gjelde inn mot Saunes. Utfyllinga i sjøen i Ulsteinvik la til rette for ei omfattande utvikling og endring av Ulsteinvik sentrum. Ein god del av massen kom frå Hatlø-verkstaden som tidleg på 1970-talet skaut ut ei stor dokk.

Meir motbakke

To veker før jul i 2015 var heile 24 skip i offshoreflåten på Ytre Søre Sunnmøre lagde i opplag. Skipsreiar Åge Remøy såg ikkje lyst på situasjonen då han kommenterte saka til Vestlandsnytt: – Vi er i ferd med å legge eit vanskeleg år bak oss, men eg trur vi får det endå tøffare i 2016. Oljeprisen går feil veg, og aktiviteten vil ikkje auke. Så eg kan ikkje sjå noka lysning i året som kjem. Krisa som næringa står oppe i, er truleg den verste nokon gong, meinte Remøy.

SS Nujoma.

Meir om den maritime industrien

Kleven hadde kome på lokale hender. I januar 2000 vart det klart at investorgruppa, Kleven-familien, Harvest Elektro og Hareid Elektriske også kjøpte tilbake Kværner Florø: – Strategien vår har heilt sidan i fjor vår vore å kjøpe tilbake både verftet i Ulstein og det i Florø. Men lokalpatriotismen gjorde at vi satsa på Ulstein-bedrifta først, kommenterte John M. Kleven til lokalavisa.

John M. Kleven.

Meir om den maritime næringa i første halvdel av tiåret

Trass i internasjonal finanskrise vart året 2009 det beste nokon gong i historia til Ulstein Group. Med ei omsetning på 3,6 milliardar kroner enda konsernet med eit driftsresultat på over ein halv milliard kroner. Konsernet delte ut heile 40 millionar kroner i bonus til medarbeidarane sine. Dei 800 tilsette kunne innkassere mellom 25.000 og 160.000 kroner kvar.

I slutten av mai 2013 fekk den første boreriggen med tilknyting til Ulsteinvik namnet Island Innovator. Namneseremonien skjedde i Bergen. Eigarane av riggen var selskapet Maracc, der Morten Ulstein var styremedlem, og hovudaksjonærane i Island Offshore i Ulsteinvik. Riggen var bygd i Kina, og prosessen hadde teke lang tid. Planlegginga starta alt i 2007.

Mi speidartid

I boka Hundre år – Hundre personar i Ulstein skriv redaktør Asle Geir Widnes Johansen at for Magne Grimstad sr. var speidararbeidet eit kall. Mykje tid gjekk med, og til heimen hans kom alle som skulle ta prøver og få rettleiing. Han var og med og arrangerte ei rekke leirar og samlingar, men då kona Marta døydde i 1969, miste han både lyst og kraft for ei tid. I denne boka vert Magne Grimstad sr. heidra for lang og tru teneste knytt til speiararbeidet.

Opptaksprøve på Fredheim. Det er Ole-Johan Harkjerr som er framme for godkjenning.

Mine tidlege år: krigstid

Arne M. Bjørndal (1916-2012) var det niande av dei 10 borna til Martin og Anna Bjørndal. Martin Bjørndal var lærar i Ulsteinvik i den tida skulen var ute på Halsen. Arne Bjørndal har skrive to autobiografiar. Dette kapittelet er eit utdrag frå My Early Days: From School Days to War Time, som i tillegg til barne- og ungdomstida omhandlar krigsåra. Etter krigen fullførte Bjørndal tannlækjarstudiet i Oslo, men etter å ha praktisert i nokre år emigrerte han til Amerika. Han vart seinare professor i odontologi av University of Iowa. Denne artikkelen er klargjort for publisering av Trond Bjørndal. Delar av materialet er omsett av Jonas Røyset.

Arne M. Bjørndal - kadett ved Krigsskulen i 1939.

Minne frå barndom under krigen

Marit Dimmestøl Voldsund, fødd 06.10.1935, gifta seg med Arnold Voldsund og flytta til Voldsund i 1953. Faren hennar var Sigurd Dimmestøl (1899) frå Skogstranda, og mora var Signe Garnes (1904).

Dette bildet er truleg teke like etter krigen og viser brufyllinga bak huset, og nyehuset til venstre. Dette viser korleis situasjonen var i 1943 for dei som bodde her - med skyvebrua.

Minne frå levd barndom i ei anna tid

Asbjørg Gjerdsbakk gifta seg i 1957 med Odd Magne Brune frå Dalsfjorden. Han var då ferdig utdanna ingeniør i Porsgrunn og hadde allereie fått seg fast jobb på Borregård før han var ferdig utdanna. Etter bryllupet flytta dei til Sarpsborg der dei budde heile sitt yrkesaktive liv.

Asbjørg Brune i sitt 90-ande år.

Minne om ein robåt

Eg stend og sagar sund ein gamal færing som har stått i naustet vårt i mange år. Ein gamal slitar som har tent ein veglaust småbrukar- og fiskarheim. Der er sovisst ikkje noko romantisk over ein slik båt. Men tankane byrjar å arbeide hjå meg om å skrive ned nokre minne frå ca. 60 år attende. Han er om lag jamgamal med meg.

Sigurd Håkonsholm i sitt rette element - på sjøen i ein færing.

Minneord Einar Grimstad

Etter at Einar har gått bort, er det mange som kjenner på eit sterkt sakn. Ikkje berre dei næraste – kona Gunvor og døtrene Hanne Marte, Silje, Kamilla og deira familiar, men også for mange andre er saknet etter ein god ven og samarbeidspartnar tungt å bere.

Misjonsarbeid, vekkingar, foreiningar og lagsliv

Misjonsrørsla var ei folkerørsle, boren av folket med grupper av vedkjennande kristne til kjerne. Det var i hovudsak ei lekmannsrørsle, men rørsla hadde sprunge ut av kyrkjelege miljø og vart verande sterkt knytt til kyrkja. Presten heldt misjonsgudsteneste ein eller fleire gonger i året, og kyrkja var samlingsstad for fellesmøta i distriktet.

I 1914 vedtok kyrkjetilsynet å få utført ei fornying av Ulstein kyrkje og ba kunstmålar Johan Haddal (nummer to frå venstre) om å kome med eit utkast til dekorasjon av kyrkja. Utkastet vart godkjent, og 23. juli 1914 tok han fatt på arbeidet saman med hjelpesmennene Ole Flø og Magnus Flø. Haddal hadde ein lokal dåm over målararbeidet sitt, også når han måla englar med panneband. Han nytta fargar som blått og grønt, og var med på å gjere Ulstein kyrkje til det fremste kulturminnet i kommunen.

Mobiliseringsordre

Den 9. april 1940 var nokre karar på Hofset i Ulstein i ferd med å legge nytt nevertak på eit hus; dei såg ut Ulsteinfjorden mot Vattøya og til havs. Dei oppdaga ein flåte sigande inn fjorden; fiskarar som følgde vårsilda. Knut Eikrem var om bord i MB Hod av Ulsteinvik. Klokka sju om morgonen skulle dei til å kaste. I det bestmannen skulle gi ordren «lat nota gå!», kom skipperen ut frå bestikken: – Ikkje kast, Noreg er i krig. Fleire båtar som var i ferd med å håve inn frå store steng, slutta av og sleppte resten. Karane på Hofset-taket vart mållause då dei såg flåten setje stimen opp og forlate feltet.

MB Hod. Her frå ein losjetur.

Moskusane på Gurskøya

Med ein oppvekst i Tjørvågane på 50-talet så kjem du ikkje unna historiene frå Ishavet, og dei sette sine spor. Alle bygdelag hadde sine fangstfolk og ishavsheltar. Mange deltok i redningsaksjonar og berga liv, andre miste livet når dei skulle skaffe innkome til familien. Men felles for alle er at livet deira var knallhardt.

Moskusar blei fanga på Aust-Grønland og slept ut på Gurskøya.

Mosvatnet

Samtidig gjekk det for seg eit arbeid i Ulstein for å sikre ei framtidsretta vassforsyning. Kommunen ville hausten 1980 fremje oreigningssak for å få hand om Mosvatnet som drikkevasskjelde. I januar 1981 gjekk generalplanutvalet i Hareid imot avhending av vatnet: – Mosvatnet er ein ressurs som ligg i Hareid kommune, og generalplanutvalet vil ut ifrå det gå sterkt imot at denne ressursen blir tildelt andre kommunar. Om lag samtidig godkjende Statens Institutt for Folkehelse (SIFF) Mosvatnet som vasskjelde.

Mosvatnet, 1980-talet.

Mot alle odds

I ei lita stove på Oshaugen budde der ei dame, Gjertrud Jetmundsdatter, f. 1791, frå Indre Dimna. Ho eigde br.nr. 3, Oshaugen på Osnes, og hadde levd der samam med to tidlegare ektemenn som no var døde. Korleis omstenda var er ikkje kjent, men Paul (Pål) Larsson (f. 1820) frå Hasund dukka opp, og han og Gjertrud gifte seg.

Paul Osnes Lunde (24.06.1871-11.08.1978) vaks opp som ein heiders mann mot alle odds.