Lise Gjerdsbakk
Lise Gjerdsbakk – eller Søster Lise – gjorde ein grunnleggande innsats som helsesyster i Ulstein-området. Ho vart eit omgrep – som førte den offentlege helsetenesta mange skritt vidare.
Lise Gjerdsbakk – eller Søster Lise – gjorde ein grunnleggande innsats som helsesyster i Ulstein-området. Ho vart eit omgrep – som førte den offentlege helsetenesta mange skritt vidare.
Som ei dronning mellom møyar
ut mot havet der i vest,
ligg du kransa av små øyar
og i ly for storm og blest.
Og mot sør i bakkehellet,
kringom blenkjer våg og vik,
og mot nord, i ly av fjellet
der ligg bygda Ulsteinvik.
Men ikkje alt var heilsvart. Der kom også nye tilskot til samfunnslivet. Vikebladet kom med si første utgåve 21. januar 1929. Avisa blir etter kvart viktig også for hareidsfolk, men ho får aldri den posisjonen der som i Ulstein, i alle fall ikkje før mot slutten av 1980-talet. For forfattaren av denne boka blir Vikebladet ei viktig kjelde. Ein del av det følgjande i dette avsnittet er bygt på artiklar i Vikebladet, nokre av dei skrivne av Johan Ottesen.
Den 1. september 1970 var ein merkedag i Hareid. Då kom det første prøvenummeret av den nye lokalavisa ut, Vestposten med skulemannen, forfattaren og journalisten Ivar Grimstad som redaktør, ein ekte grimsting. Grimstad skulle no kombinere avisarbeidet med jobben som rektor ved Møre Folkehøgskule i Ørsta.
Ludvig Dyb blei fødd 27. mars 1885 og døydde 8. januar 1965.
Han budde åleine i «Skokken» på Ulstein.
Han var ein kjend «likningsmann» i Ulstein. På slutten som formann i likningsnemnda i Ulstein.
For dei som voks opp i Haddal, var både butikken «Borja» og Ludvik Moldskred ein modell for korleis ein butikk og ein kjøpmann skulle vere. Alt kom til i dei vanskeleg åra mellom verdskrigane.
Alt i august 2001 lufta Trond Berg ideen han hadde fått, med enkeltpersonar han kjende og hadde tiltru til, mellom dei Kjersti Kleven: Ville det vere mogleg for SUFH å kjøpe hotellet i Varleite? Oppmuntra som han vart, gjekk han vidare med tankane sine til hotelleigarane og ein mann som Steinar Sivertsen Kulen. Også John Moldskred i konsulentselskapet Lorgen vart spurt om råd.
«Den 30. Oktober 1847 rammedes den af en Lydstraale der splittede Taarnet og sprengte de massive Mure saaledes fra hinanden, at det ved Skjøn blev erkleret umuligt at reparere den.» Dette er den stutte meldinga Wraamann har ført inn i kallsboka.
I 1941 bestemte tyskarane at folk skulle levere inn radioapparata sine. Okkupantane ville hindre at innbyggjarane fekk propagandasendingane frå London rett inn i stova. Det var berre folk som var medlemer av NS som fekk ha radio. Dersom politiet fann ein radio heime hos nokon, medførte det streng straff. Det var relativt mange som gøymde unna radio i Ulstein, og folk stakk vekk apparata på dei mest utkropne stader. Sjølv om tyskarane ofte leitte etter ulovlege radioar, fann dei berre ein i Ulstein under heile krigen.
I dette oversynet over skulehaldarar og lærarar i Ulstein, har eg også teke med klokkarane og prestane. Både før og etter innføringa av allmugeskulen sto prestar og klokkarar sentralt i opplysingsarbeidet. Allereie etter reformasjon vart prestar og klokkarar pålagde å drive katekismeopplæring på søndagar etter kyrkjetid («Kirkeordinansen» av 1539). Sjølv om konfirmasjon og allmugeskule ikkje vart innført før 200 år seinare, var dette den første spiren til ein ordna skule her i landet. I 150 år var skulen i røynda meir eller mindre ein rein kristendomsskule.
Å vere lærar, eller «skulehaldar», hadde låg status heilt frå starten. Folk flest såg ikkje med særleg velvilje på skulen. For dei var dette berre ei ny utgift som dei vart pålagde av den forhatte danske-kongen. Det kom ikkje statspenger til å drive skule for; utgifter til Iøner og læremiddel måtte bygdefolket dekkje sjølve. Det kunne vere ei nokså utakknemleg oppgåve å gå frå gard til gard og tigge til seg den Iøna ein hadde krav på.
Oshaugen er det største arkeologiske kulturminnet i Ulstein kommune, og mange vil kanskje leggje til at det er det mest storslagne også. Gravrøysa ligg høgt og fritt til på eit høgdedrag ved Osnessanden og med godt utsyn over skipsleia vest for Ulsteinvik. Fagfolk er usikre på kor gamal røysa er. Nokre meiner ho kan vere frå yngre bronsealder, andre frå eldre jarnalder (ca. 1000 f.Kr. – 400 e.Kr.). Generasjon etter generasjon har dermed levd og virka ved sida av Oshaugen. Denne artikkelen handlar om spora etter desse menneska.
Mine foreldre Marius og Kornelia vaks opp i ei tid der det viktigaste var å ha pengar til mat og klede. Ein sykkel var også god å ha for å kome seg på arbeid og for å utføre andre ærend, og færingen var ein viktig del av kvardagen til både fiskeri og ærend til ”Vik”.
Denne artikkelen stod på trykk i «Isflaket» desember 2005. «Isflaket» er meldingsbladet til Ishavsmuseets venner i Brandal.
Etter siste krig kom det fleire nye ishavsskuter til Sunnmøre. Linstøls Skips & Båtbyggeri A/S i Risør leverte skuter på rekkje og rad desse første åra etter 1945. Først kom «Isflora», b.nr. 233, i 1948. Så kom «Sjannøy», b.nr. 236, i 1949. Og så kom «Polarsel», «Sjannøy» var 105 fot lang og 24 fot brei.
Magne Grimstad var lærar og rektor og gjorde ein omfattande innsats for å bygge opp speidararbeidet i Ulstein. Han verka og som kordirigent. Han har også vore ein svært aktiv skribent i lokalavisa.
Artikkelen baserer seg på utdrag frå boka “Magnus og Lisbet Rise frå Øvre Rise på Hareid – deira aner og etterkommarar”.
Namnet på garden vert uttala Ri’se med lang i og det er ubøygt.
Ulstein kommune hadde eit skrikande behov for barnehageplassar då den kommunale Skollebakken barnehage opna dørene i oktober 1984.
Med den mangelen på mat og klede som etter kvart rådde i krigsåra, vart kvinnene stilte på store prøver. Det gjaldt å vere oppfinnsam når ein skulle få den vesle maten som ein hadde greidd å skaffe, til å vekse på matbordet og mette dei svoltne munnar. Mykje av slitet til kvinnene viser det lite og ingen ting att av. Kleda dei sydde om – og om igjen, vart til slutt så utslitne at fillene ikkje lenger var verdt å samle på. Men kvinnene måtte ofte stå på frå morgon til kveld.
Marie vart fødd på småbruket Åsen i Hjartåbygda i Volda kommune 13. juli 1925. Ho var nummer seks i ein syskenflokk på sju. Ho miste mor si Anna Marie Åsen då ho var ni år. Då hadde mora lege til sengs i to år sidan veslesystra kom til. Ho fortalde fleire gongar kor trist det var å gravleggje mora si på ni-årsdagen sin.
Eg vart spurd om å skrive ein artikkel om Marit Høyvik Ulstein til boka Levd Liv. Eg sa ja, og gjennom døtrene Gerd og Solveig fekk eg tilgang til eit rikhaldig arkiv med avisutklipp, brev og notat som Marit hadde samla. Arkivet er så omfattande at det er stoff til ei heil bok.