FN-soldat i Suez og Gaza

Hausten 1956 var ei dramatisk tid politisk sett. Sovjet Unionen gjekk inn i Ungarn og tok over styringa av landet. Dette førte til at mange frå Ungarn flykta. Også her til Ulstein kom flyktningar. Så vidt eg hugsar, gjekk dette svært bra. Dette var unge menn, og mange fekk seg arbeid på dei mekaniske verfta i Ulstein. Etter ei tid reiste dei frå bygda.

Artikkelforfattaren høgt på kamelen med Keopspyramiden i bakgrunnen.

Folketal

I 1980 hadde folketalet i Ulstein vakse til 5323 mot 4537 i 1970. Framleis hadde kommunen eit underskot på kvinner: 2701 menn og 2622 kvinner. Av desse var det heile 1411 ugifte menn mot 1167 ugifte kvinner. Desse tala reflekterte at det framleis var eit mannsdominert arbeidsliv i Ulstein og eit kjønnsdelt samfunn.

Ulsteinvik 1981.

Folketal og utvikling

Folketeljinga i 1990 viste at Ulstein hadde 5737 innbyggjarar i starten på november 1990. Kommunen kunne i 1989 notere eit fødselsoverskot på 43 og eit tilflyttingsoverskot på 26, i høve til folketalet den største auken i Møre og Romsdal. Nominelt var det berre Ålesund og Molde som kunne vise til større auke.

Ei utrekning frå Statistisk Sentralbyrå i 1994 viste at Ulstein ville vere den kommunen i Møre og Romsdal som ville få den største prosentvise folkeveksten fram mot 2003. Prognosen lydde på totalt 12,7 prosent, noko som ville gi eit folketal på 6740 i 2003. Ordførar Arne Walderhaug minte i lokalavisa om at Ulstein hadde sprengt slike prognosar tidlegare, og såg ikkje bort frå at veksten kunne bli endå heftigare.

Folketal og utvikling

Folketalet i Ulstein ved teljinga i 1930 var 2477, 1235 menn og 1242 kvinner. 188 av desse er jordbrukarar, medan 277 er sysselsette i fiske og fangst, mange av dei i kombinasjon med småbruk. Her er 410 husmødrer og 144 under rubrikken husarbeid heime. Ved kommunevalet i 1931 er det berre krinslister, ingen politiske parti. Flø får inn to representantar, Ulstein to, Ulsteinvik ni, Hasund fire, Haddal to og Dimna ein, medan Hatløy krins ikkje når opp.

Ulsteinvik om lag 1935.

Folketal og utvikling med meir

Folketalet i Ulstein hadde igjen vakse kraftig i dei ti åra mellom 2005 og 2015, frå 6795 til 8292, det vil seie 22 prosent. Men det var eit faktum at ein stadig større del av innbyggjarane var innvandrarar. I 2015 var 16,7 prosent av folket i kommunen innvandrarar eller norskfødde med innvandrarforeldre, det vil seie 1385 personar. Slik vart også mange ulike livssyn og religionar representerte i Ulstein. Hausten 2015 var 569 innbyggjarar i kommunen registrerte i andre trus- og livssynssamfunn enn den norske kyrkja. Mellom desse hadde den katolske kyrkja 181 medlemer og pinsekyrkjelyden Filadelfia 71. Ved inngangen til 2016 var folketalet i Ulstein 8430, ein auke på 1,7 prosent siste året. I august dette året kunne kommunen slå fast at det var 1400 innbyggjarar med utanlandsk opphav i Ulstein, og dei representerte 72 nasjonar. Dette var nok ei av dei største forandringane av lokalsamfunnet dei siste femti åra.

Måndag 15. oktober 2012 opna den nye innfartsvegen gjennom Holsekerdalen til Ulsteinvik. I september 2012 kunne lokalavisa fortelje at kommunen satsa på å byggje 41 nye omsorgsbustader i Holsekerdalen. Dei nye bustadene stod klare sommaren 2014. Det nye dagsenteret i Holsekerdalen 24 vart offisielt opna 13. desember 2017. Og til jul 2021 blir den nye brannstasjon i Holsekerdalen teken i bruk. Bildet er frå 2021.

Folketal, arbeidsmarknad og husmorrolla

Folketeljinga i 1970 viste at Ulstein no hadde 4538 innbyggarar, 2319 menn og 2219 kvinner. Ti år tidlegare var talet 3654. I alt 187 hadde hovudinntekta si frå jordbruk, 112 frå fiske, 635 i indiustrien, berre 32 av desse var kvinner, 114 arbeidde med bygg og anlegg, 155 i varehandelen, 89 av desse kvinner, 142 i sjøtransport, 148 i privat og offentleg tenesteyting, 82 av desse kvinner, medan talet på husmødrer i Ulstein var 778 i 1970.

På 70-talet blei det arrangert husmorleir ved Sunnmøre Folkehøgskule.
På 70-talet blei det arrangert husmorleir ved Sunnmøre Folkehøgskule.

Folketal, endringar og utvikling

Innflyttinga til Ulstein omfatta ikkje berre nordmenn, men etter kvart også stadig fleire utlendingar. På 1990-talet var ikkje den store arbeidsinnvandringa til industrien, særleg frå Aust-Europa, komen i gang. Likevel var det 19 ulike nasjonar representerte under nyttårsfesten for utlendingane i Ulstein i romjula 1994. Festen vart halden på Aktivitetshuset, og Alv Ottar Folkestad var programleiar.

Våren 1995 ville dei første husa av i alt 31 reise seg i Kolbeinhaugane bustadfelt på Ulstein. Boform AS i Ulsteinvik stod for sal og prosjektering av 22 av desse husa. Dagleg leiar for Boform, Lars Inge Breivik, fortalde til lokalavisa at interessa for bustadfeltet hadde vore stor. Han meinte folk nærast hadde stått i kø for å byggje seg hus i dette feltet. Kolbeinhaugane ligg midt ute på Ulstein – opp mot Kvennavegen og Ulsteinelva. Alt i 1985 vart området regulert og godkjent, men utbygginga starta først no i 1994/95. Bildet er frå 2021.

Forbrukarsamfunn

Den 30. april i 1975 var det slutt på meir enn 30 år med krig i Vietnam. Det er det største som skjer på den internasjonale himmelen på midten av dette tiåret. Noreg var no godt inne i oljealderen.”Dei gylne sekstiåra” hadde halde det dei lova om økonomisk vokster for landet. Industrien fekk si glanstid og skapte grunnlag for både velferdsstat og velstandsstat. Folketrygda var krona på trygdestellet som hadde grodd gjennom heile hundreåret. Godt inne på 1970-talet synte både offentleg og privat forbruk rekordtal. Forbrukarsamfunn og overflodssamfunn var nemningar som stadig dukka opp i media og debatt.

Den første UT-704 som var bygd ved Ulstein var "Stad Sea".

Forlis

Om morgonen den 10. desember 1969 gjekk fiskebåten Ulstein 2 på grunn ved Sæviksteinen i innseglinga til Rundesundet. Båten hadde eit mannskap på 10 om bord og sette straks ut redningsflåten. Losskøyta på Runde gjekk raskt ut for å leite. Det var sterk vind frå sørvest og mørkt då båten grunnstøytte, og vêret stod hardt på det bratte skjeret. Båten, med medeigar Andreas Svendsen som skipper, var på veg heim frå linetur på felta vest for Shetland. Om natta hadde det vore full storm som båten hadde takla før dei prøvde å kome seg inn Rundesundet og i hamn.

Om morgonen den 10. desember 1969 gjekk fiskebåten Ulstein 2 på grunn ved Sæviksteinen i innseglinga til Rundesundet. Bildet syner Ulstein 2 i Lerwick på Shetland, i mars 1969.

Forsamlingshus og båtar

I juni 1940 rekvirerte ein tysk vaktstyrke forsamlingshuset Vonheim på Flø, og dei innkvarterte kring 10-12 soldatar der. Tyskarane sette så opp ei vaktstove på ei høgd ovanfor Vonheim. Her var det alltid to soldatar på vakt, døgnet rundt. Oppgåva deira var å halde oppsyn med skipstrafikken forbi Flø.

Under krigen var tyske soldatar utplassert på Flø. Soldaten på bildet blei kalla ”Alpejegeren”. Han var til tider aggressiv.

Fotografen som skapte kulturhistorie

Fotograf Olaf Storegjerde hadde sitt virke på Søre Sunnmøre og i Nordfjord i ein periode på over 50 år, frå omkring 1904 til 1957. Fotoarkivet etter han representerer eit stort og verdfullt fotohistorisk materiale over dette området. Samlinga omfattar over 7000 bilete med eit overveldande mangfald i motiv som dokumenterer nær sagt alle område i samfunnslivet. Mange av bileta representerer fotografiets tidlege historie i vår del av verda. Dei eldste bileta i samlinga er frå Trondheim, datert 1903, og frå Ålesund i tida rett etter brannen i 1904. Dei siste bileta er frå 1957 – då Storegjerde mellom anna fotograferte konfirmantkullet i Ulsteinvik.

Olaf Andreas Knutsen Storegjerde.

Frakta våpen og utstyr

Etter gudstenesta drog 19 mann, dei fleste frå Ulstein mannskor, viste det seg, til Fløstranda og kom att derifrå med våpen og utstyr som dei tok med seg til folkeskulen i Ulsteinvik. Her møttest etter kvart det meste av styrken. HS-jegerane sat natta til endes og reinska våpna som var innsmurde med gris. Då morgonen kom, var dei klare til oppstilling. Mange var forundra då dei såg kven som møtte opp; sikringstiltaka hadde vore strenge.

Krigsminnesteinen utanfor Ulstein kyrkje.

Fredheim 100 år

Innleiing

v/ Einar Grimstad

Torsdag 23. mars 1883 var 62 unge menn samla i Skeide skulehus på Halsen for å skipe «Ulfstens Ynglingeforening». Presten N. C. Anker var akkurat komen til bygda. Han viste seg å vere svært godt skikka til å drive dette arbeidet.

Han blei valt til den den første formannen. Dette arbeidet stod han i i 12 år, til 1894, då han reiste frå Ulstein. Han blir omtala som ein flink organisator, ein dugande leiar og ein varm ven og sjelesørgjar. Han var truleg langt føre si tid når det galdt å få folk fram til arbeid for saka.

Fredrik Steen

Fredrik Steen har sett Ulstein på kartet mellom anna gjennom revyfiguren ”Hildegunn Moltubakk”. Hildegunn og taxi-svogeren Leif-Per (Ørjan Liavåg) turnerte saman i perioden 1998 til 2000.

Fredrik Steen.

Fridtjof Birger Hofseth

Fridtjof Birger Hofseth var fødd på garden Haugen på Hofseth den 8. februar 1904. Han døde den 7. mai i 1997, godt og vel 93 år gamal. Han hadde då levd eit langt og rikt liv. Han hadde levd under 4 kongar og opplevd og sett store endringar i livsvilkår for seg sjølv og andre.

Fridtjof levde til han var godt og vel 93 år.

Fritid, kommunikasjonar med meir

I 1982 starta det førebels siste byggjesteget på småbåthamna ved Ryssholmen på Ulstein. Dei skulle no fylle 8000 kubikkmeter stein for å forlenge den ytste moloen slik at opninga inn på hamna vart 15 meter. Då ville dei få plass til 160 båtar i hamna, men etter muring langs land ville dei etter kvart kunne utvide til i alt 250 båtar. Båteigarlaget hadde i 1982 150 medlemer, og kring 30 av desse skulle no byggje seg flytebrygger. Frå før var det plassert 26 flytebrygger i hamna.

Haddal, 1984.

Fryd og gaman – enn så lenge

Men då saka kom til kommunestyret 27. mars 2003, var det meste fryd og gaman. Ikkje ein einaste representant gjekk imot då politikarane skulle avgjere om dei skulle ta saka vidare til fase 2, som innebar ei avklaring mellom dei tre partane: – Ein unik sjanse til å skape noko nytt og positivt i sentrum, var gjennomgangsmelodien. Likevel var der nokre som varsla at dei ikkje kjende seg sikre på at dei ville henge med til den tredje og avgjerande fasen. Dei som målbar dette sterkast, var Knut Erik Engh (Frp) og Karen Randi Festøy (SV). Det var stille før stormen.

Knut Erik Engh.

Frå allmugeskule til folkeskule

Allmuge var eit negativt lada ord. Det bar med seg signal om fattigdom og mangel på «dannelse». Allmu­geskulen var ikkje berre skulen for allmugen. Nei, embetsmennene og borgarskapet var opptekne av å halde på klasseskilja. Dei ville bruke skulen til å sikre at allmugen aldri blei noko anna enn allmuge. Difor fekk born av allmugen andre lærebøker og anna undervising enn embetsmannsborn. Dei radikale poli­tiske ideane, som fekk slik grobotn på Austlandet i 1840- og 50-åra, førde også til eit ynskje om å få fjerne allmuge-stempelet frå skulen.

Frå bygginga av Fløhamna

Frå Flø var det kort veg til dei viktigaste fiskeplassane under vintertorskefisket på Sunnmørskysten. Eit rev eit stykke frå land tok litt av for ver og vind, men særleg i vestaver og nordavind var den «naturlege» hamna lite brukeleg. Det vart frå interessert hald peika på at ein trong ei betre hamn her, både som utrorsstad og som naudhamn.

Frå høgkonjunktur til økonomisk krise

Den økonomiske optimismen før og under første verdskrigen snudde til depresjon og krise i 1920. Ulstein hadde hatt bank saman med Hareid heilt sidan Ulstein off. sparebank vart skipa i 1867, den såkalla Rise-banken, ettersom hovudkontoret for banken låg på Rise, midt mellom Ulsteinvik og Hareid. Aktivitetsauken under krigen førte til at folk fekk meir bruk for banken. Bankstyret vedtok derfor å halde ein kontordag for veka i Hareid og ein i Ulstein så snart høvelege lokale kunne skaffast.

Ulstein nye Sparebank, seinare Ulstein Sparebank, opna den 22. august 1927. I 1936 blei nytt bygg reist.