Frå allmugeskule til folkeskule
Allmuge var eit negativt lada ord. Det bar med seg signal om fattigdom og mangel på «dannelse». Allmugeskulen var ikkje berre skulen for allmugen. Nei, embetsmennene og borgarskapet var opptekne av å halde på klasseskilja. Dei ville bruke skulen til å sikre at allmugen aldri blei noko anna enn allmuge. Difor fekk born av allmugen andre lærebøker og anna undervising enn embetsmannsborn. Dei radikale politiske ideane, som fekk slik grobotn på Austlandet i 1840- og 50-åra, førde også til eit ynskje om å få fjerne allmuge-stempelet frå skulen.



















