Han var fjorten, og skulle konfirmerast til våren. Det var eit år sidan han hadde kjøpt den vesle færingen for sparepengane sine. Den hadde ikkje motor, den var lett å ro. Når vêret var fint, brukte han berre ti minutt å ro til Storneslykta, der han av og til kunne få mange små torskar og av og til ein lyr eller sei.

Kroppung, sa bestefaren med litt forakt når han såg dei små torskane, men så hadde no han vore på storhavet, på Island og Grønland, der torskane var så store at du knapt kunne løfte dei. No hadde han sett færingen på land, det blei ikkje meir fiske i år. Det hadde forresten blese trollkjerringar i dagevis no, det var snø og han torde knapt å sykle på butikken. Han tok difor turen til naustet der bestefaren alltid heldt på med noko. Bestefaren heldt på å henge opp trollgarna, dei skulle ikkje brukast meir i år, det var snart jul.

Det var bra du kom no, sa bestefaren, du veit vel det at det er di oppgåve å skaffe fisk til jul. Han blei overraska.

Er det mi oppgåve, spurte han bestefaren.

– Ja, i denne slekta har folk vore fiskarar sidan Arilds tid, og når nye generasjonar kjem til konfirmasjonsalder, så er det dei som må ta det vidare, det har gått som ein samanhengande tradisjon gjennom generasjonar, sa bestefaren. Skal tru om bestefaren tulla, det brukte han vanlegvis ikkje å gjere, for han måtte no forstå at det var ingen som kom seg ut i dette vêret.

– Du veit vel kva som er konsekvensane dersom du ikkje får tak i julefisk, spurde bestefaren. Nei, det visste han ikkje.

Jau, sa bestefaren, det er eldgamal skikk i denne slekta, at får ikkje du tak i fisk til jul, så må du ligge i naustet natta til første juledag.

No var han sikker på at det hadde rabla for bestefaren, heilt brennsikker, men samtidig såg bestefaren alvorleg ut. Det blei ikkje sagt meir, og då bestefaren gjekk heim, gjekk guten tilbake og inn i naustet. Det var snart like mykje vind inne i naustet som ute, og han tenkte med gru på at han kanskje skulle ligge der ei heil natt dersom han ikkje fekk tak i fisk. Han kom til å fryse i hel, dei ville finne han kald og stiv fyrste juledag, då kunne dei berre ha det så godt. Og tenk om han måtte gå ned så tidleg at han ikkje rakk riskremen som bestemora kom med på julekvelden. Verdas beste riskrem. Det såg ikkje bra ut i det heile teke, men han hadde ein plan.