I oktober 1998 markerte Eiksund søndagsskule 100-årsjubileum med stor fest på forsamlingshuset i bygda. Søndagsskulen hadde halde det gåande heile tida utan avbrot. Det var gardbrukaren Rasmus Eiksund, mellom bygdefolket Bø-Rasmus, som tok initiativet i 1898. Han var også den første formannen for Eiksund søndagsskule, ein posisjon han hadde heilt fram til 1944. Johan Havåg tok over leiarvervet etter å ha vore søndagsskulelærar sidan 1930. Seinare hadde mellom andre Arthur Eiksund og Elsa Havåg lange leiarperiodar. I intervju med lokalavisa i høve jubileet poengterte Elsa Havåg at foreldra i bygda heile vegen hadde vore flinke til å stille opp.
Abortdebatten utover på 1980- og -90-talet hadde, slik vi har vore inne på, skapt medvit om at eit foster også hadde menneskeverd. Hausten 1998 vart det såleis opna eit gravfelt for foster og dødfødde born på Osnes kyrkjegard. Feltet var utstyrt med ein felles minnestein med ordlyden «Død i mors liv»: – Minnelunden er meint som eit tilbod både for dei som ber fram eit fullbore foster, eller aborterer tidlegare i svangerskapet, opplyste kyrkjeverje Arne Walderhaug til lokalavisa.
I 1998 fekk mangeårig organist i Ulstein kyrkje og ein aktiv bidragsytar til kulturlivet elles, Hallbjørg Hop (86), ta imot kulturprisen frå kommunen. Ordførar Jan Berset delte ut prisen under Vi syng jula inn-arrangementet i kyrkja 20. desember. Hop hadde teke del i kyrkjelivet i Ulstein ein heil generasjon, og ho hadde vore mykje brukt som pianist ved ulike tilstellingar på institusjonar, bedehus og på Fredheim. I tillegg hadde ho vore søndagsskulelærar i mange år.
I september 1999 markerte Ulsteinvik Misjonssamband 100 år. Dei hadde lagt festen til Ulsteinvik bedehus, og mange møtte fram for å ta del. I jubileumsåret hadde laget tre familiar ute i misjonsteneste: familiane Dimmen og Engås i Bolivia og familien Larsen i Mongolia. Hilma Sundgot var den første misjonæren misjonssambandet i Ulsteinvik sende ut. Det var Synnøve Vattøy Ulstein som stod for attersynet på jubileumskvelden. Ho tok forsamlinga med tilbake til den tida misjonssambandet vart starta som Kina-misjon. – Bodskapen om at 12 millionar kinesarar døydde kvart år utan å ha fått høyre om Jesus, vart for nokre unge jenter eit kall til å støtte misjon mellom kinesarane, fortalde Vattøy Ulstein mellom anna.