Våren 1998 hadde diskusjonen om kulturhus i Ulsteinvik kome så langt at kommunen hadde tinga eit arkitektutkast, eit kulturhus spesialdesigna for Sanden og Saunesosen, forma som ein bedding og med utescene med utsikt til kranene på Ulstein Verft. Bygget som var teikna av arkitektfirmaet Ola Steen i Trondheim, hadde fått eit maritimt preg og skulle no presenterast for innbyggjarane på eit folkemøte i mai. Reaksjonane var blanda, men som vi veit, vart det ikkje noko av kulturhusplanane før Trekantsaka løyste flokane, og vi fekk hotellet og Sjøborg.
I juni 1998 vart den 30 år gamle Trond Berg tilsett som ny rektor ved Sunnmøre Folkehøgskule i Ulsteinvik. Berg hadde då vikariert i stillinga det siste året: – Den største utfordringa framover er arbeidet med nytt skuleanlegg, slo Berg fast i intervju med Vikebladet Vestposten. I september 1998 fortalde Berg at SUFH måtte skaffe seg ei ny skulebygning innan ein fireårsperiode.
Sunnmøre Folkehøgskule konkluderte i juni 1999 med at Reiten var det einaste utbyggingsalternativet. Men heile prosjektet var avhengig av fylkesvegen over Reiten – og om det ville bli mogleg å byggje ut på tomta. Politikarane hadde no vedteke å flytte fylkesvegen i 2001, slik at skulen skulle få den plassen han trong.