Ein av dei verkelege veteranane i skipsindustrien, Ole Lars Ulstein, tok i juni 1997 imot Kongens Fortenestemedalje for 53 års samanhengande innsats i Ulsteinkonsernet. Ole Lars (f. 1930) byrja som læregut ved verftet 14 år gammal. Ingeniørutdanninga si tok han på kveldstid ved sida av jobben. Den lengste tida hadde han på Ulstein Propeller, der han både var dagleg leiar og assisterande direktør. No var han innkjøpssjef ved verftet. Idar Ulstein helste Ole Lars Ulstein med mellom anna desse orda: – Eg vil takke deg for at du tok initiativet til å danne Ulstein Propeller. Eg er ikkje sikker på om det hadde blitt noko av dette selskapet utan innsatsen din, roste Idar Ulstein ifølgje Vikebladet Vestposten. Ulstein Propeller hadde i 1997 over 300 tilsette og var også etablert i Canada og Skottland.

På den årlege haustfesten til Ulstein Jern og Metall hadde Anders Hatløy i mange år delt ut beviset for langt medlemsskap i fagforeininga. Det gjorde han også i 1997, men i tillegg vart han heidra med Pioneren for 25 års teneste som tillitsvald. Det var statsekretær Arve Bakke frå Ulstein som stod for utdelinga: – Fellesforbundet har lagt merke til den innsatsen Anders Hatløy har gjort, og vil tildele han Pioneren, ein pris som svært få har fått, poengterte Bakke. Hatløy byrja som verneombod i 1970, vart medlem av klubbstyret ved Ulstein Verft i 1972 og leiar frå 1972-1974. Frå 1972 til 1984 var Hatløy medlem av styret i Ulstein Jern og Metall, og frå 1984 og fram til 1997 hadde han vore leiar i den same foreininga. Frå 1978 til 1986 var han også medlem av forbundsstyret i Norsk Jern og Metall. I tillegg hadde han hatt ei rekke andre verv.

Frå 1. oktober 1997 eksisterte ikkje Ulstein Jern og Metall lenger. På eit konstituerande årsmøte i slutten av september vart Søre Sunnmøre Fagforeining av Fellesforbundet stifta. Dette vart den største avdelinga i fylket med kring 1750 medlemer og eige kontor i Ulsteinvik. Til stades på stiftingsmøtet var både forbundsleiar Kjell Bjørndalen og påtroppande fylkesleiar Arve Bakke. No ville den nye foreininga få eit årsbudsjett på 850.000 kroner og ein dagleg leiar med eige kontor i Ulsteinvik, Gunnar Sundgot.

Torsdag 9. oktober 1997 tok Oslo Børs opp aksjane til Ulstein Holding ASA, til notering. Teikningane hadde så langt tilført selskapet 4500 nye aksjonærar. Samtidig gjekk konsernet ut med meldinga om at all utrusting av skip skulle samlast på Hatlø. Konsernet ville byggje ut området, mellom anna med høghall.

Ulstein Verft gjekk i oktober 1997 ut og søkte etter over 100 nye fagarbeidarar. Dersom det lykkast, ville verftet ha over 1000 tilsette. Sjølv om Ulstein Verft klarte å skaffe husrom til ein del av dei nye arbeidarane, måtte det fleire brakkeriggar til. Også Kværner Kleven hadde behov for fleire fagarbeidarar, men følte ikkje kampen om arbeidskrafta som ein konkurranse mellom dei to store industribedriftene i Ulstein: – Mangelen på arbeidskraft er ei felles problemstilling vi har her i Ulstein. Vi samarbeider om denne utfordringa, svarte personalsjef i Kleven, Magne Gurskevik, på spørsmål frå lokalavisa.