I slutten av september i 1846 tok sokneprest Hans Nicolai Wraamann initiativet til å stifte ei misjonsforeining. Dette var enno medan Ulstein kyrkje stod på den gamle kyrkjegarden på Ulstein. Wraamann fekk kyrkjelyden med seg, og i 1996 kunne Ulstein Misjonsforeining feire 150-årsjubileum. Foreininga markerte jubileet over seks arrangement i tre dagar og avslutta med fest på Sunnmøre Folkehøgskule. Leiar i i jubileumsåret, Steinar Torvik, var godt nøgd med oppslutninga om arrangementa.

Som leiar i bedehusstyret stod Steinar Torvik også i spissen for den storstilte oppussinga av Sundgot bedehus i 1996. I november dette året kunne folket i Sundgot og Hasund feire at dei hadde sikra seg eit flott oppussa bedehus. Dei hadde fått inn 140.000 kroner til formålet: – Bedehusarven er nedfelt i folk her. Andre stader står bedehus ofte til nedfalls, men ikkje slik med Sundgot bedehus. Det er oppmuntrande for oss i bedehusstyret å få gjort så mykje utan å ta opp lån, kommenterte Torvik i samtale med lokalavisa.

Det var ikkje lenger berre statskyrkja som tilbaud folk i regionen eit religiøst alternativ. Rundt om dukka det opp frikyrkjelydar. Ein av dei var Ulsteinvik Bibelsenter. I starten av februar 1997 heldt kyrkjelyden innviingsfest i nyoppussa lokale i AU-bygget i Kyrkjegata. Medlemer frå fleire andre frikyrkjelydar var inviterte til å vere med på opninga. Forkynnar Arve Akselsen var festtalar. Det var Geir Sivertstøl som var leiar i Ulsteinvik Bibelsenter. Mange hadde delteke i dugnaden med å pusse opp dei tidlegare butikklokala. Før hadde kyrkjelyden halde til i Fannemel-bygget. Sivertstøl hadde saman med nokre vener skipa Ulsteinvik Bibelsenter i 1989. Kyrkjelyden praktiserte vaksendåp, noko som anten vart gjort i sjøen eller i varmbadet ved bygdestova i Ulsteinvik. For å bli medlem måtte du bli døypt på denne måten, noko 38 personar hadde gjort til då. Medlemene kom både frå Hareid, Herøy, Sande og Ulstein: – Det er mange unge som kjem på møta våre, og dei fleste medlemene er mellom 20 og 30 år, fortalde Sivertstøl til Vikebladet Vestposten.

Atle Hopland var ein vel omtykt prest, ikkje minst i kretsar som ville stå på «kyrkja si gamle lære» i ein del trusspørsmål. Han var også ein flittig og omsorgsfull vitjar på eldreinstitusjonane. Han var ingen moralist, men ikkje redd for å gjere det klart kva han meinte var rett og gale. Eit stridsemne var spørsmålet om sambuarskap, som skapte bølgjer til langt ut på 1990-talet: – Eg trur det er mange rundt om som er glade for at kyrkja heldt fram sambuarskap som ein uskikk – og talar om ekteskapet som Guds gode ordning med samlivet, uttalte Hopland i eit intervju med Vikebladet Vestposten i 1990. Då hadde han nettopp teke spørsmålet opp i ei preike, og opplevd nesten berre positive reaksjonar frå kyrkjefolket.

I februar 1997 kom det likevel eit signal om oppmjuking frå soknepresten. Han ville endre dåpspraksisen sin. No kunne begge av sambuande foreldre vere med fram til døypefonten. Hopland kalla dei ei pragmatisk endring, ikkje teologisk. Han hadde det same synet på ekteskapet som før. Og når det gjaldt fadrar, hadde han framleis det synet at dei ikkje burde vere sambuande.

Debatten om homofili sette utover på 1990-talet også sitt preg på lokalsamfunnet. I november 1997 vart det ein heftig diskusjon på Kyrkjemøtet, som enda med eit fleirtal for å seie nei til sambuande homofile i vigsla stillingar. Kyrkjemøtet ville likevel la det vere opp til det einskilde soknerådet om dei ville tilsetje sambuande homofile i uvigsla stillingar. Både soknerådsleiar Andreas Topphol i Hareid og soknerådsleiar Lidbjørn Vattøy i Ulstein støtta vedtaket til kyrkjemøtet.

På den internasjonale kvinnedagen 8. mars 1999 vil kvinnene «ta over Ulstein kyrkje», heiter det i førehandsomtalen i lokalavisa 4. mars. Prest Helen Bjørnøy skal tale, der vil bli kvinneleg klokkar, kyrkjetenar og organist, og ein spesialskriven kvinneliturgi, fortel avisa. Dette vekte harme og frustrasjon i kyrkjelyden, fordi Bjørnøy, som ikkje berre var kvinneprest, men også hadde velsigna partnarskapen til den lesbiske kapellanen Siri Sunde: – Helen Bjørnøy er medansvarleg for den vonde situasjonen vi har fått i kyrkja i dag, hevda Birger Ulstein – som fekk støtte av mellom andre Kjartan Grimstad. Han meinte dei lokale arrangørane av kvinnedagen handla provoserande mot heile kyrkjelyden. Leiar i Ulstein sokneråd, Lidbjørn Vattøy, slo fast at rådet ikkje hadde handsama saka. Men la til at soknerådet tidlegare har gjort vedtak om at kvinnelege prestar skulle ha tilgang til å preike i Ulstein kyrkje. Rundt 200 møtte fram og høyrde Bjørnøy tale.

Under Kyrkjemøtet i Øyer i 2007 sa fleirtalet ja til at homofile som levde i sambuarskap, kunne vigslast til kyrkjelege stillingar. Fleire sentrale personar i kristenlivet i Ulstein prestegjeld signaliserte at dei ville melde seg ut av statskyrkja etter homofilivedtaket. Sokneprestane Møgster og Hopland bad folk tenkje seg om. Soknerådsleiar Leidulv Grimstad, som har vore sokneprest i Hareid fram til 2019, var klar på at han ikkje kom til å forlate kyrkja. Det vart heller ikkje noko stort rush av folk som melde seg ut.

Men kyrkja tok nye steg: Etter ein årelang strid om homofile og lesbiske skulle få gifte seg i kyrkja, vedtok Kyrkjemøtet i april 2016 med stort fleirtal at likekjønna skal få gifte seg i Den norske kyrkja, og etter høyring vedtok Kyrkjemøtet 2017 den nye liturgien med klart fleirtall: – Med dette vedtaket sender kyrkja eit signal om at menneskeverdet til homofile er det same som for alle andre, og at deira kjærleik er like sann og sterk som heterofile par har kunna oppleve, uttalte kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum til media.

Det høyrer med til denne historia at det frå skrivepunktet snart er over 10 år sidan Stortinget samla seg om kyrkjeforliket som løyste opp banda mellom stat og kyrkje her i landet. Sjølv om kyrkja blir finansiert over statsbudsjettet, vart grunnlovsparagrafen endra i 2012, og kyrkja vart sjølvstendig. Frå januar 2017 er ho også blitt eit eige rettssubjekt.

Utviklinga i kyrkja gjorde ikkje avstanden til misjonsorganisasjonar, konservative kristne og frikyrkjelydar mindre. Lesarinnlegg og intervju i lokalavisa viste at kyrkja var inne i ein endringsprosess som verka frustrerande på folk i dei kristelege kjernetroppane også i Ulstein. No såg dei stadige døme på at tidsånda hadde ein tendens til å vinne til slutt. Mange kristne, og mellom dei også partiet KrF, hadde kjempa ein fåfengt kamp i ei rekke verdi- og lærespørsmål dei siste 50 åra. Den første kvinnepresten vart ordinert av den liberale biskopen Schjelderup i 1961. Avkriminalisering av homofili vart vedteke under regjeringa Bratteli (A) i 1972 – etter ein debatt som gjekk gjennom heile 1960-talet. Abortlova kom under den andre Bratteli-regjeringa i 1975. Lova om registrert partnarskap for homofile vart vedteken under Gro Harlem Brundtland i 1993. Same regjering utnemnde den første kvinnelege biskopen, og kjønnsnøytral ekteskapslov kom under Stoltenberg i 2008.

Motstanden mot nokre av desse sakene har blitt markørar hos menneske som har villa halde fast på den tradisjonelle kristendommen; «testspørsmål» i høve til tru og bibelsyn. Ein annan slik markør har vakse fram i synet på Israel. Vi har dei siste åra til dømes sett korleis Ulsteinvik Indremisjon har klart å samle fullt bedehus med folk frå fleire leirar under møte med Israel som hovudtema, og med blikk på landets, folkets og ikkje minst byen Jerusalems rolle på vegen mot «dei siste tider» og det endelege oppgjeret mellom gode og vonde krefter. Då forfattaren av denne boka gjekk på skule, lærte vi at den kristne kyrkja hadde erstatta Israel som Guds utvalde folk. Det som populært blir kalla for erstatningsteologi, byggjer i hovudsak på tanken om at Bibelens lovnader til jødane i Det gamle testamentet alt er oppfylte i og med Jesus som Messias. No har mange kristne her i landet forkasta dette. Det er mellom anna derfor vi kan høyre norske predikantar hylle tidlegare president Donald Trump fordi han har flytta den amerikanske ambassaden i Israel frå Tel Aviv til Jerusalem. På den andre sida har vi ein organisasjon som KFUK/M, med nære band til Ulstein kyrkje, som har teke til orde for ein brei, økonomisk boikott av Israel. Slikt skaper spenning i det kristne landskapet.

Når kom slike tankar om Israels rolle til Ulstein prestegjeld? Det har nok vore ei gradvis utvikling. I lokalavisene på Hareidlandet var Israel eit stadig debatt-tema utover på 1980-talet, ikkje minst i samband med krigen i Libanon. Eit møte i organisasjonen Ordet og Israel på Kjeldsund resulterer i eit intervju med landsstyremedlem Sigurd Grimstad frå Hareid i august 1984. Her kjem det fram at det hos ein del av kristenfolket no veks fram ein ny teologi med omsyn til Israel. Grimstad forklarer: – Ordet og Israel ser det som ei av sine viktige oppgåver å arbeide for at dei kristne kyrkjelydane hos oss må få Bibelens syn for Israel. Vi tek difor konsekvent avstand frå den forståinga som teologane ved våre læresete har dosert, at dei kristne har teke over dei lovnader som Israel fekk i den gamle pakt. Vår teologiske forståing er at staten Israel frå 1948 er oppfyllinga av dei profetiske openberringane som gjeld dei siste tider. Difor nyttar vår rørsle formuleringa «tidsskifte i vår tid», ikkje berre historisk, men også frelseshistorisk. I dette synet trur eg vi er på linje med fleirtalet av fotfolket i Israelsmisjonen. Men dei tonegivande teologane vil ikkje gå god for ein slik teologi, sa Grimstad i 1984. No har dette synet fått fotfeste mellom mange kristne i Ulstein.