Mykje av den lokale industrien er syklisk. Utover i 1997 er det ei medgangsbølgje. Ulstein Verft leitar etter fagfolk og er klar til å tilsette over 100 mann. I Hareid voks talet på industriarbeidsplassar med over 100 på eitt år frå hausten 1996 til hausten 1997. Men alt i april 1998 byrja ekspertane å spå vanskelegare tider for verfta.

Ulstein Verft Hareid siglde som mykje av den maritime industrien i medvind i 1997 og var mellom dei beste bedriftene i Ulsteinkonsernet med ei tredobling av omsetninga på to år. Sommaren 1997 var problemet å skaffe nok arbeidskraft. Supplybåtmarknaden var inne i ein boom: – Vi har hatt ein veldig produksjon hos oss og hos underleverandørar, fortalde plassjef Kjellbjørn Ryste ved Ulstein Verft Hareid. Bedrifta på Hareid hadde hatt 100 prosent av marknaden for bulk-handling-system dei siste to åra. I september opna bedrifta ein ny maskineringsverkstad og trong meir arbeidskraft. I januar 1998 vart Ulstein Verft Hareid skilt ut som eige selskap og fekk namnet Ulstein Nor AS. Kjellbjørn Ryste gjekk no frå å vere plassjef til å bli administrerande direktør. Organisasjonsmessig skulle selskapet ligge under dekks- og styremaskindivisjonen i Ulsteinkonsernet. Bedrifta hadde ei omsetning på 140 millionar kroner i 1997.

I oktober 1997 søkte Ulstein Verft over heile landet etter fagarbeidarar. Til saman 109 stillingar var ledige i bedrifta, medrekna avdelinga på Hareid. Verftet med underavdelingar hadde no 900 tilsette og ville passere 1000 om det lykkast å skaffe kompetente folk.

Dermed var arbeidsløysa i distriktet rekordlåg hausten 1997. At under 200 (188) arbeidstakarar var utan arbeid på Ytre Søre Sunnmøre, var ny rekord. Det var nesten som om lokalsamfunnet opplevde ei ny jappetid, og rikdommen viste igjen i bygdebiletet. Distriktsarbeidssjef Elisabet Sundgot hadde hendene fulle med å skaffe nok arbeidskraft til bedrifter som trong det.

Samtidig gjekk det for seg ei omfattande pendling i distriktet. Grensene mellom Hareid, Herøy, Ulstein og Sande var utviska med omsyn til arbeidsmarknaden: – Det er bruene som gjer det, meinte nestleiar ved Arbeidskontoret, Anne Karin Urke, i samtale med Vikebladet Vestposten. No håpte ho at Ørsta og Volda også kunne bli inkluderte i arbeidsmarknaden gjennom Eiksundsambandet. Det var enno ti år til det.

I februar 1998 skriv redaktøren ein leiar i Vikebladet Vestposten som summerer opp tida. Vi tek med litt her: – Vi som bur i denne regionen, treng ikkje leite i statistikken for å forstå at tida vi lever i, er hektisk og oppheita. Skal du leige deg snikkar, må du stille deg i køen. Skal du tilsette arbeidsfolk, må du rekne med å måtte leite. Er du i arbeid, må du innstille deg på overtid. På riksplan spår sentralbanksjef Kjell Storvik ein nedtur i norsk økonomi om eit år eller to. Han reknar med at næringslivet får svekt konkurranseevne på grunn av mangel på arbeidskraft og høge lønstillegg.

Det var altså den gamle melodien. Etter ein boom kjem det ein nedtur. Slik vart det.