Kva med fastlandssambandet? Først og fremst var det Eiksundsambandet som fekk merksemd på 1990-talet. Folk hadde ikkje høyrt mykje til Hareid Fastlandssamband på lenge. Men planane var ikkje skrinlagde. I mars 1993 kunne lokalavisa fortelje at konsulentane var i ferd med å justere planane etter det nye regelverket for undersjøiske tunnelar. Hareid-tunnelen skulle få ei stigning på åtte prosent og bli 17 kilometer lang. Olav Fure var framleis styreleiar.
I mars 1996 blussa striden om fastlandstunnel opp i avisspaltene igjen. Det var KrF-politikar Lars Langnes i Ulstein som igjen gjorde seg til talsmann for ein tunnel frå Flø til Godøy, og hevda at dette var både eit billigare og meir realistisk alternativ enn Sulafjord-tunnelen. Dette fekk styreleiar Olav Fure i Hareid Fastlandssamband AS til å reagere. I to innlegg i Sunnmørsposten tok han eit kraftig oppgjer med Langnes. Langnes var ein sakleg debattant, og hadde halde seg til det han meinte var fakta i saka. Fures reaksjon viste at det stod mykje på spel for han.
I eit brev til Hareid og Sula kommune bad vegsjef Karl Melby i februar 1997 om at Hareid Fastlandssamband inntil vidare la til sides den vidare planlegginga av den undersjøiske tunnelen. Han kunne ikkje sjå at det var nokon sjanse for at prosjektet kom med i planperioden 1998-2007. Ikkje lenge etter kom meldinga om at Eiksundsambandet hadde fått plass i vegplanane for komande periode.
I november 1996 stod SV med eitt utan representant i Ulstein kommunestyre. Det hadde stått strid om Eiksundsambandet, og fleire i partiet hadde engasjert seg mot tunnel. Partiengasjementet mot sambandet var dropen som fekk begeret til å flyte over for kommunestyrerepresentanten Magne Gurskevik. No sende han utmeldingsbrev til Ulstein SV: – Eg kan ikkje lenger forsvare å stå som representant for innhaldet i politikken til SV. Eg har gjennom fleire år håpt at drøftingar skulle føre SV fram til ein politikk som var framtidsretta og gjere det mogleg for vanlege folk å ha trygge og gode levekår i Distrikts-Noreg, argumenterte Gurskevik i samtale med Vikebladet Vestposten. Han la ikkje skjul på at han langt på veg såg på Eiksundsambandet som eit vere eller ikkje-vere for lokalsamfunnet.
I februar 1997 organiserte motstandarane seg i ei aksjonsgruppe mot Eiksundsambandet. Deira mål var å stoppe tunnelplanane og heller få eit utvida ferjetilbod mellom Eiksund og Rjånes. Organisasjonen vart derfor kalla «Folkeaksjonen for eit utvida ferjetilbod». Mellom dei mest aktive medlemene i gruppa var Elisabeth Bryn Oksavik og fylkespolitikar for SV, Torhild Kjoss, begge frå Ulstein.
I mars 1997 slo SV-laga i Ulstein og Hareid fast i eit avisinnlegg at dei ikkje var imot Eiksundsambandet. Innlegget var underteikna av Marie Lovise Widnes frå Hareid og Johan Botnen frå Ulstein: – Rett nok finst det nokre få lokale SV-arar som er imot dette sambandet. Det finst vel kanskje motstandarar i dei fleste parti. Men dei fleste SV-arar på øyane her er for fastlandssambandet, og både Hareid SV og Ulstein SV har det på sine program, heitte det i innlegget.
Samtidig kom meldinga om at hovudplanen for Eiksundsambandet var godkjent i Vegdirektoratet. No kunne forkjemparane rekne med at sambandet ville bli realisert: Stortingsrepresentant Ottar Kaldhol gav i eit avisintervju styreleiar i Eiksundsambandet, Knut Nærø, rett i at dette var eit gjennombrot. – No trur eg sambandet blir realisert, slo Kaldhol fast. Dette var i 1997, og det var framleis 11 år til sambandet opna. Ting tar tid i samferdselssektoren. Når du arbeider for ei sak, må du ha tolmod. I april 1997 kom meldinga om at regjeringa hadde greidd å få Eiksundsambandet inn i vegplanen for den komande perioden. No var det ikkje langt fram til det første spadetaket.