Det gjekk sakte, men sikkert tilbake med fråhaldsrørsla i Ulstein og Hareid på 1980- og 1990-talet. Men alkoholbruken mellom ungdomsskuleelevane hadde minka dei siste ti åra. Det synte lokale granskingar. Medan det var flest gutar som brukte alkohol i 1981, var jentene i fleirtal på dette området ti år seinare. I 1991 svarte 54 prosent av elevane ja på spørsmålet om dei hadde smakt alkohol. I 1981 var ja-prosenten 72. Av dei som hadde smakt alkohol, var det i 1991 35 prosent som brukte alkohol jamt, men berre fem prosent svarte at dei brukte stoffet fire gonger i månaden eller meir. I 1981 var desse tala høgare, forklarte Vikebladet Vestposten.

Men no var det ei liberalisering i alkoholpolitikken på gang. I Hareid tok Tverrpolitisk liste til orde for at kommunen skulle opprette eit ølmonopol. Dette utspelet vart starten på ei gradvis liberalisering av alkoholpolitikken både i Hareid og Ulstein. Det var nok ikkje berre forslaget om ølutsal, men like mykje at tida var moden. Det viste seg då fråhaldsorganisasjonen Juvente signaliserte at dei var positive til ølmonopol. Dei hadde nok sett teikna i tida og meinte ei kommunal styring med ølsalet ville vere betre enn sal i butikk.

Den 26. november 1992 vedtok kommunestyret med 15 mot 10 røyster at det skulle startast eit kommunalt ølutsal i Hareid. Hareid Ølutsal AS vart skipa i oktober 1993. Tysdag 16. november 1993 opna utsalet som skulle ha eit breitt utval – også lettøl og alkoholfritt.

Det gjekk ikkje lenge før lokalavisa fortalde at butikkane i Ulstein opplevde ein kraftig nedgang i bestillingssalet på øl. Det var tydeleg at folk no køyrde over Eidet for å kjøpe ølet sitt, noko som skulle setje fart i arbeidet med å starte eit tilsvarande ølmonopol i Ulstein.

Den store liberaliseringa med omsyn til skjenking av alkohol i Ulstein kom såleis stadig nærare i siste del av 1990-talet. I 1994 og -95 hadde Ulstein til dømes tildelt heile 40 ambulerande skjenkeløyve per år; dette var ei løysing for arrangørar som ikkje hadde skjenkeløyve, men trong dette for eit spesielt arrangement. Men dei ambulerande skjenkeløyva var først og fremst eit overgangsfenomen; etter kvart kom det skjenkeløyve både her og der. Ikkje minst kom vinmonopolet og omsetning av øl i daglegvarebutikkane; det er enno litt fram i tid.

Men i april 1996 signaliserte kommunen at Ulstein kunne få ølutsal og fleire nye skjenkestader. Den nye alkoholpolitiske handlingsplanen opna for dette i åra framover. Det var førebels berre Ulstein Hotell som hadde skjenkeløyve i kommunen. I tillegg forvalta kommunen to ambulerande skjenkeløyve som vart brukte på serveringsstader og i utleigelokale rundt om. Med ølutsal i Hareid og Herøy meinte gruppa bak planen at tilgangen alt var slik at eit ølutsal i Ulsteinvik ikkje ville få stor innverknad på forbruket av øl i kommunen. Argumenta mot ølutsal var dermed vesentleg færre enn før. Rådmannen rådde til at det vart skipa eit kommunalt ølmonopol i Ulsteinvik. Mellom politikarane viste det seg snart at det i tillegg var fleirtal for fire nye skjenkeløyve i Ulstein. Vedtaket vart fatta i slutten av april 1996. Samtidig vedtok dei å halde fram med ordninga med ambulerande skjenkeløyve. I juni 1996 bestemte kommunestyret seg for i første omgang å dele ut to skjenkeløyve i Ulsteinvik. Dei gjekk til Loftet Spiseri og Café Nova for lokalet Vikingen.

Liberaliseringa fekk konsekvensar. I oktober 1996 melde lokalavisa om aukande fyll og bråk i Ulsteinvik sentrum. Fredagskveldane måtte dørene på Fredheim stengast, og foreldre tilkallast for å halde vakt medan ten-sing-koret Profil hadde øving. Det var trengsel og fyll utanfor lokalet: – Det vi frykta skulle skje med dei nye skjenkestadene i sentrum, har diverre slått til, fortalde leiaren i Profil, Vegard Aksnes. Politiet ville no prioritere om for å kunne følgje betre med i området.

Det var først i slutten av desember 1996 at Ulstein kommunestyre fatta det endelege vedtaket om å starte Ulstein kommunale Ølutsal AS. Eit fleirtal gjekk samtidig imot eit forslag frå Olav O. Dimmen (Sp) om å samarbeide med Hareid om eit felles ølmonopol. Målet var no å få på føtene eit utsal i Ulsteinvik i løpet av våren 1997: Frå april vart det øl å kjøpe i butikken der Intersport Ulsteinvik AS hadde halde til. Butikkinnehavar Odd Idar Garnes skulle avvikle sportsbutikken, og fekk i staden Ulstein kommunale ølutsal som leigetakar. Garnes fekk stillinga som dagleg leiar ved ølutsalet. Styreleiar Arnleif Gjerde i det kommunale ølutsalet understreka overfor lokalavisa at det ikkje var noka kopling mellom husleigeavtalen og tilsetjinga av Garnes som dagleg leiar. Onsdag 16. april 1997 opna det kommunale ølutsalet.

Om lag samtidig kom signalet om at Søre Sunnmøre ville få eit vinmonopol innan to år. Men Ulstein kommunestyre gjekk hausten 1996 mot sju stemmer mot å arbeide for å få vinmonopol til Ulstein. I januar 1997 uttalte ordførar Jan Berset (H) at eit vinmonopol på Søre Sunnmøre burde bli plassert i Ulsteinvik, medan varaordførar Hannelore Måseide (Ap) var skeptisk.

Men signala frå næringsivet i Ulstein vart etter kvart ikkje til å ta feil av: – Dersom Ulsteinvik har ambisjonar om å vere regionsenter, også etter at Eiksundsambandet er på plass, vil eit vinmonopolutsal bli eit «nødvendig vonde», uttalte disponent Per Arne Gjerdsbakk i Vestre Sunnmøre Samvirkelag til lokalavisa i juni 1997. Leiar i Ulstein marknadsforum, banksjef Bergsvein Øvrelid, meinte det var viktig at ikkje politikarane sat på gjerdet i spørsmålet om vinmonopol. Begge viste til at det no var truleg at der kom utsal både i Ørsta/Volda og på Moa. Gjerdsbakk stod i spissen for ei handelsbedrift i rivande utvikling. No hadde samvirkelaga i regionen hand om over 30 prosent av daglegvarehandelen. Samtidig hadde bedrifta mål om å byggje eit nytt, stort butikksenter i Ulsteinvik. I juli 1997 gjorde Ulstein kommunestyre for første gong eit vedtak som kunne opne for vinmonopol i bygda.