Rundt skulestart i august 1995 var kommunevalkampen for alvor i gang, og lokalavisa stilte femten spørsmål til kvar av toppkandidatane. Eit spenningsmoment var om ordførar Arne Walderhaug (KrF) fekk halde fram. På valnatta stod Walderhaug fram som vinnar, og med KrF som det største partiet. Men det var ikkje alle i det politiske landskapet som hadde gløymt at Walderhaug hadde alliert seg med Arbeidarpartiet ved dei to siste vala, ikkje minst i 1987 då Høgre var det største partiet og vart parkert på sidelinja.
No i 1995 fekk KrF 652 røyster og seks mandat, Høgre 619 (6), Ap 545 (5), Senterpartiet 400 (4), Frp 251 (2), SV 177 (1) og Venstre 166 (1). Det resulterte i at KrF, Høgre og Sp gjekk fram med eit mandat, medan Ap, SV og Venstre miste eitt kvar. Fem kvinner fekk plass i kommunestyret: Bjørg Hasund, Perny Stokseth og Bjørg Myklebust frå KrF, Hannelore Måseide frå Ap, og Eli Skaatun frå Venstre. Tingingane enda med at det vart Høgre-ordførar; Jan Berset fekk den første perioden sin som ordførar i Ulstein. Redaktøren i Vikebladet Vestposten summerte opp på leiarplass: – Høgre får no sin første ordførar på 30 år. Ein ting er sikkert: Utfordringane i vekstkommunen Ulstein står i kø for den nye ordføraren. Vervet kallar på både handlekraft og balansekunst. For Berset tek over etter ein handlekraftig forgjengar; Arne Walderhaug har hatt evna til å få ting gjort. Han har markert Ulstein utover, og han har markert det politiske domene overfor det administrative.
Då kommunestyret konstituerte seg i oktober, kom desse med i formannskapet: Jan Berset (H), ordførar, Hannelore Måseide (Ap), varaordførar, Lars Langnes (KrF), Olav O. Dimmen (Sp), Arnt Haddal (Sp), Bjørg Myklebust (KrF) og Jan E. Helseth (H). Utvalsleiarane fordelte seg slik: Arne Walderhaug (KrF) vart leiar i helse- og sosialutvalet, Eldar Knotten (Ap) leiar i teknisk utval, Arnt Haddal (Sp) leiar i oppvekstutvalet og Oddmund Indreeide (KrF) leiar i utvalet for kultur, miljø og reiseliv.
Hausten 1997 var det stortingsval igjen. Statsminister Thorbjørn Jagland hadde nærast stilt veljarane eit kabinettsspørsmål. Han kravde ei minimumsoppslutning på 36,9 prosent av stemmene, det same som i valet fire år før. Arbeidarpartiet enda på 35 prosent, Jagland gjekk av, og 36,9 skreiv seg inn i norsk historie. No var det klart for Kjell Magne Bondevik (KrF). Han danna si første regjering utgått frå KrF, Sp og Venstre. Sistnemnde kom inn på Stortinget med seks representantar, ein framgang på fem. Den store valvinnaren var Carl I. Hagen og Frp som fekk 15,3 prosent og sikra seg 25 representantar. Ulsteiningen Ottar Kaldhol (A) nådde ikkje opp og måtte forlate Stortinget etter ein periode. Kristeleg Folkeparti hadde denne gongen teke Sunnmøre med storm. I Ulstein fekk KrF 31,4 prosent av stemmene, Ap 22,9, Frp 14,9, Høgre 13,9, Sp 7,7, Venstre 4,8 og SV 3,1. Eit av prosjekta regjeringa Bondevik sette i gang, var den såkalla verdikommisjonen. Hareid vart verdikommune, og hareidskvinna Hege Holstad kom med i kommisjonen.