I mai 1996 la ei gruppe fram ein plan for tettstads- og næringsutviklinga i Ulsteinvik, og publikum vart kalla inn til møte for å drøfte framtida. Tettstaden Ulsteinvik var definert innanfor trekanten Strandkrysset, Saunesmarka og Halsen. Her skulle det vere eit levande sentrum med blanding av bustader og næringsverksemd. Planen nemnde også kultur som ein faktor det burde satsast meir på, også som eit rekrutteringsmiddel for næringslivet. Vi kan seie at desse diskusjonane og planane for sentrumsutviklinga peikte framover mot «eksplosjonen» etter år 2000. Ikkje minst peikte debattantar på at kommunen måtte ta meir initiativ i utviklinga av sentrum.
Det var vanskeleg for Ulstein kommune å halde tritt med den raske utviklinga i lokalsamfunnet. I periodar der skipsindustrien hadde vind i segla, som rundt 1996, kunne det vere vanskeleg å skaffe seg tak over hovudet for folk som ville slå seg ned i Ulstein. Vinteren 1996 var annonsesidene i lokalavisa til tider fulle av annonsar frå folk som søkte etter ein stad å bu. Diverre var det færre som hadde noko å leige ut. Ikkje minst merka dei store bedriftene bustadmangelen: – Situasjonen er prekær for oss, slo personalsjef Ole-Kristian Vidnes ved Ulstein Verft fast. Bustadmangelen var eit stadig tilbakevendande problem for skipsindustrien. Ulstein Verft hadde på dette tidspunktet 52 hyblar, 94 leilegheiter og 17 einebustader spreidde rundt om i kommunen; no skulle dei finne bustad til fleire nye medarbeidarar. Verftet leigde i februar 1996 ein flytande bustadseksjon. Dermed kunne Ulstein Verft ta inn femti nye leigearbeidarar.
I september 1996 rapporterte lokalavisa om byggjeboom i Ulstein. Då hadde kommunen selt 30 tomter så langt dette året, og marknaden var pressa, særleg i sentrum. Men var du villig til å bu med litt avstand til sentrum, kunne både kommunen og private stille tomt til disposisjon. Teknisk sjef Elling Indresøvde peikte på alternativa litt utanom sentrum: Kolbeinhaugane på Ulstein, leilegheiter på Saunes og i Brunene, Sundgot, Einehaugen i Haddal – og Skjerva og Gjerdet der Kværner Kleven var utbyggjar.
Alt i januar 1997 fortalde Vikebladet Vestposten at der ikkje var ei einaste bustadtomt å oppdrive i Ulsteinvik sentrum. Etterspurnaden etter tomter hadde vorte mykje større enn kommunen hadde rekna med. No var alle tomtene som kommunen la ut i Vikemarka året før, selde – i tillegg til dei ledige i Varleite. Like før jul var dei siste kommunale tomtene i sentrumskrinsen selde. Dette ville bli situasjonen i alle fall eit halvt år framover. No arbeidde teknisk etat på spreng for å klargjere 20-30 tomter i Vikemarka; kanskje kunne dei første stå klar til sommaren.
I mars 1996 var det kranselag for det nye, prangande barneskulebygget i Ulsteinvik. Med det var framdrifta i rute, for skulen måtte stå klar til skulestart i august. Skulen kosta kring 33 millionar kroner og var eit praktbygg. Men det skulle snart vise seg at folkeauken i Ulsteinvik gjorde at skulen vart liten i forhold til behovet, og måtte ty til provisoriske ordningar som brakker og liknande. Frå skrivepunktet veit vi at idrettsbygget og symjehallen er riven, og det skal byggjast eit tilbygg til barneskulen. Men tilbake i august 1996 skulle elevane i Ulsteinvik få marsjere inn i den nye Ulsteinvik barneskule ved skulestart. Ein viktig funksjon ved skulen var det dei kalla desentraliserte elevinngangar: – I motsetning til den gamle skulen, der vi hadde den eine inngangen, har vi no lagt opp til eigne inngangar for dei ulike klasseromma. Berre i 2. etasje har vi lagt opp til 10 inngangar. Vi har venta i 20 år på denne skulen, og det har blitt ein praktskule, smilte rektor Bjørg Hovlid til Vikebladet Vestposten. I starten av november vart Ulsteinvik barneskule offisielt opna med mellom andre utdanningsdirektør Ellen Lein til stades.
Men no byrja Haddal-folket å vise misnøye, og kravde ny skule innan 1998. I november 1996 var formannskapet på synfaring og fekk mellom anna høyre foreldrerepresentanten Ivar Mork: – Vi har levd på ein myte om at det fanst ein kø, og at det skulle bli vår tur før eller seinare. Men no ser vi at det er dei som stod fremst i køen for ti år sidan, som står fremst igjen; vi ligg framleis nedst. Dei andre krinsane har fått sine skular; no er det vår tur, og vi aksepterer ikkje økonomiske motargument, basunerte Mork, og la til: – Vi kan tilby dugnadsinnsats. Det er store ressursar i bygda, og ingen skal vere i tvil om at vi vil ofre mykje for å få denne skulen.
I november 1996 gjennomførte foreldre og elevar ved Haddal skule ein punktstreik over to timar for å markere alvoret i saka.
Haddal skule vart bygd i 1957. Med nokre endringar stod skulen slik han gjorde. Skulen hadde fire undervisningsrom, og seksåringane var på veg inn i grunnskulen. Det gjorde situasjonen endå verre i Haddal. Det var slett ikkje uvanleg at foreldra i krinsane engasjerte seg for skulane sine. No var det Haddal, men dei andre krinsane hadde vore i elden når dei kjende det nødvendig, sist forteldre i Ulsteinvik og Hasund.
Men midt i desember 1996 gjekk flagga til topps i Haddal. Då hadde kommunestyret vedteke å byggje ny skule i krinsen. Ikkje minst var gleda stor på Haddal skule, der rektor Arne Walderhaug samla elevane til flaggheising. Jan Haraldsvik og Ivar Mork, som hadde stått i spissen for foreldreaksjonen, var både letta og lykkelege.