Etter store tap i 1994 måtte den administrerande direktøren i Ulstein Verft gå, og ny direktør vart Brynjulv Mugaas. Han vart sitjande heilt til Gunvor Ulstein tok over som konsernsjef i 1999.
Idar Ulstein hadde eigentleg tenkt å gi seg som konsernsjef, men etter krisa som oppstod i konsernet i 1994, gjekk han på vidare med krum hals. Ulsteinkonsernet tapte heile 150 millionar kroner på eit kranprosjekt ved Molde Verft, og i tillegg 40 millionar på bygging av tre kontainerskip til eit nederlandsk reiarlag.
I tillegg hadde konsernet hatt store garantikostnader ved motorfabrikken i Bergen på grunn av veivakselbrot på gassmotorar leverte til landanlegg. Gunvor var berre 29 år då ho tok over som administrerande direktør.