I 1941 vart alle evakuerte til England. Me kom til Glasgow og vart innkvarterte på ein heim for gamle senile. Eg fekk valet mellom å gå inn i flyvåpenet, marinen, armeen eller handelsflåten. Eg valde marinen, vart utdanna som kanoner for handelsflåten, og gjekk inn i Sjøforsvarets Skytteravdeling i Handelsflåten (SSH). Populært vart avdelinga kalla Sjøforsvarets Siste Håp. Eg vart plassert på den norske båten Charles Rasin; den gong ein av dei største norske tankbåtene. Dette var i august 1941.
Dei to neste åra var det å gå i konvoifart mellom USA og England. Lasten var flybensin. Dette var i 41 og 42, då tyske ubåtar herja som verst. Det var ei forferdeleg fart. Konvoiane var dårleg beskytta av marinefartøy, og mange båtar vart torpederte på mest kvar einaste tur. Spesielt hugsar eg ein konvoi hausten 42. Me var over 60 båtar som gjekk frå Halifax og berre 28 kom inn til Liverpool. Dei tyske ubåtane var som ulveflokkar. Det var forferdeleg å sjå båtane gå i lufta og mannskapet hoppe i sjøen. Konvoien måtte berre halde farta, så me kunne ikke stoppe å ta opp folk. Det var å sjå sjøfolka fare attmed skipssida og høyre dei rope om hjelp. På overfarta var det å ha på seg klede og redningsvest natt som dag.
Torpedert to gonger
Sjølv vart eg torpedert to gonger. Første gongen var i mars 1942. Charles Rasin var med i ein konvoi som skulle til Sør Afrika, men me var 10-12 tankbåtar som skulle til USA. Konvoien gjekk derfor langt vest, men frå Karibien skulle me gå åleine. Ein rekna med at det var fritt for ubåtar så langt vest. Der tok me feil. Alle båtane vart torpederte. Charles Rasin vart treff av fire torpedoar. Det var bekande mørkt, men me greidde å få ut livbåt før båten gjekk ned. Det som gjorde mest inntrykk på meg, var at donkymannen om bord tørna fullstendig galen. Han hadde vore med på to toepederingar før. Me dreiv rundt i 6 døgn før me vart tekne opp av ein amerikansk destroyar. Tørsten var det verste. Destroyaren tok oss inn til Puerteo Rico. Der vart me verande pengelause og mest klelause i to veker, før turen gjekk til New York. Etter ein tur til ein marineleir i Canada, var det å mønstre på ny båt i New York. Båten heitte Sir James Clark Ross og var eigentleg eit kvalkokeri, som no hadde blitt sett inn i tankfart.
Den andre torpederinga ber Ola om å få sleppe å snakke om. Eg forstår at det er hendingar i eit menneskeliv som det er for grusomt å rippe opp i. Samtalen stoppar opp, Ola blir still og tagal. Då kjem kona Inger med god mat og kaffi, og litt etter litt finn me att tonen. Ola held fram med forteljinga:
Krigen i Stillehavet
Etter andre torpederinga vart eg mønstra på ein båt som heitte Roseville. Dette var våren 1943. Båten var leigd av den amerikanske armeen som troppetransportskip, og me vart sette inn i troppetransport til øyene i Stillehavet. Krigen mot Japan rasa som verst, og det var ei sterk oppleving å sjå alle desse 18-20 – åringane gå i krigen. Me var med på tre invasjoner: på Fillipinene, på New Guinea og på ei øy like ved Okinava. Under invasjonene var det eit inferno av bomber og granatar fra japanske fly, og som kanoner hadde eg meir enn nok å bestille. Det verste var dei japanske sjølvmordsflygarane. Dei flaug fullasta med ammunisjon rett mot målet, og det var mest uråd å verne seg mot dei. Heldigvis vart ikkje vår båt treft.
Eg var med i troppetransporten i Stillehavet heilt til freden kom. Etter at krigen tok slutt, gjekk me tre turar til Europa og henta amerikanske soldatar. Deretter mønstra eg av som kanoner og fekk meg jobb som matros i Klavenes-rederiet. Til Noreg kom eg ikke før i 1947.
Ola Molvær har så mykje å fortelje. Det meste handlar om krig og død. Eg snakkar frampå om at det også må ha vore positive opplevingar som gjorde at dei fleste trass alt greidde det kollosale psykiske presset. Ola tenkjer seg om, og seier at han vil trekke fram to forhold som betydde mykje for han under krigen: