I 1887 vart Ulsteinvik postopneri oppretta med Ole Myklebust som postopnar. På 1870-talet bygde dei ny veg over Eidet til Hareid. Vegen mellom dei to bygdesentra hadde eksistert lenge før dette. Futen Andreas Landmark, som kom til Brandal på slutten av 1700-talet, var den viktigaste pådrivaren for å få skikkeleg veg mellom Hareid og Ulstein. Første gong vi høyrer om vegen, er i 1778. Det var skrale greier. Rundt 1820 tok Landmark tak i sakene.
Postruta var ei av dei viktigaste årsakene til at Landmark ivra for vegutbygginga. Denne fekk han i stand i 1804. Dei henta posten i Steinvågen og rodde han over til Brandal. Postførarane til lensmannen, folk frå Skarbakken i Brandal, hadde ein open trebåt, ein treroring, som dei både fiska og frakta post med. Dei skal ha halde på med dette i 62 år. Posten gjekk med båt frå Brandal til Hareid, og vidare med hest over Eidet og til Skeide, der postopneriet låg den første tida. Så var det å frakte posten vidare med båt mot Volda.
Det var særleg turane over sjøen Landmark ville gjere noko med. Det var mykje sikrare og raskare å frakte posten landevegen. Derfor ville han byggje veg med bru til Brandal. Då kunne dei frakte posten frå Brandal til Hareid, til og med om natta. Frå 1830-åra vart postruta mellom Brandal og Ulstein dermed landfast. Det var avgjerande for utviklinga av dei to sentra på øya, Hareid og Ulsteinvik. Ulsteinvik sentrum starta på denne utviklinga noko seinare enn Hareid, då dei lenge la sentrale funksjonar til Håkonsholmen, Dimnasund og Skeide – før desse vart lagde til Ulsteinvik (Bjåstad 1977).