Det er ikkje tvil om at gardsdrifta i Ulstein tok seg opp utover på 1800-talet, ikkje minst etter utskiftingane i siste halvdel av hundreåret. For teigblandinga hadde hindra utviklinga i jordbruket. Ei enkel sak som drenering av jorda var uråd, for vatnet frå grøftene ville berre fløyme utover teigen nedanfor og øydelegge eit godt granneskap. Derfor braut dei jord berre på tørre stader.

Frå hundreårsskiftet og inn på 1900-talet og utover melder den eine jordbruksmaskina seg etter den andre. Slåmaskina var revolusjonerande. Så kom hesteriva, høyvendaren og såmaskina. Ugrashorva tok over for den gamle mylderiva, jernplogen erstatta treplogen, og så vidare. Bygg og havre var dei viktigaste kornslaga. I mørke haustkveldar og -netter kunne du høyre duren frå kvernhusa når bøndene mol matmjølet. Alt før hundreårsskiftet tok dei første bøndene i bruk kunstgjødsel. Etter at norgessalpeter kom på marknaden, vart kunstgjødsling vanleg og auka sterkt fram mot første verdskrigen. Men samanlikna med dagens bruk av kunstgjødsel, var det tale om små mengder. Kraftfôr-bruken steig jamt. Etter kvart vart det vanleg med systematisk skifte mellom korn, poteter og grasproduksjon i ordna omløp, vekselbruk.